Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Marianne Aasen

Marianne Aasen, statsvitar og direktør for Simula School of Research and Innovation (Simulaskolen). Aasen var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Akershus 2005–17 og leiar av kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i perioden 2009–13.

Marianne Aasen (tidlegare Aasen Agdestein) er fødd 21. februar 1967 i Bergen og voks opp i Moss. Ho har examen artium frå Malakoff videregående skole i 1986 og tok hovudfag i statsvitskap ved Universitetet i Oslo i 1993, med faga historie, sosialøkonomi og statsvitskap. Hovudfagsoppgåva handla om medium, forvaltning og påverknad.

Aasen arbeidde deltid som postfunksjonær ved Gamlebyen postkontor i 1987–90 og som journalist i Arbeiderbladet i 1991–93, var journalist i Avisenes Nyhetsbyrå i 1993–95, informasjonssjef i Europabevegelsen i 1998–2000, politisk rådgivar i kommunal- og regionaldepartementet i 2000–01 og politisk rådgivar i stortingsgruppa til Arbeidarpartiet i 1995–96 og 2001–05. Etter å ha vore stortingsrepresentant i tre periodar, frå 2005 til 2017, tok ho i 2017 til som direktør for Simula School of Research and Innovation (Simulaskolen).

Ho var medlem i styret i St.Hanshaugen Arbeidarparti i 1995–97, leiar av Asker Arbeidarparti i 2003–04, styremedlem frå 2004, og var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Akershus 2005–17, med fanesakene utdanning, arbeid for alle og kollektivtrafikk.

Aasen var leiar av Europabevegelsen i Asker 2003–04, medlem av styret for Asker og Bærum Taxi 2006–09 og medlem av styret for Fossumkollektivet frå 2008.

Kjelder

Marianne Aasen, «Representanter og komiteer», stortinget.nohttp://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=MAAA [lesedato 4.3.2012]

Peikarar

Bloggen til Marianne Aasen

Omtale av Marianne Aasen på statsvitenskap.no

Først publisert: 19.06.2012
Sist oppdatert: 07.08.2018