Hopp til innhold
Foto: Olav Heggø/ Regjeringa
Foto: Olav Heggø/ Regjeringa
X
Innhald

Marit Arnstad

Marit Arnstad, jurist, stortingsrepresentant for Senterpartiet frå Nord-Trøndelag, parlamentarisk leiar for Senterpartiet og statsråd både i Bondevik si første regjering (1997–2000) og i Stoltenberg si andre regjering (2012–2013).

Marit Arnstad er fødd 4. mai 1962 i Stjørdal i Nord-Trøndelag. Ho tok Ole Vig videregående skole i 1978–81 og blei cand.jur. ved Universitetet i Oslo i 1991.
Arnstad har ei omfattande politisk karriere. Ho var medarbeidar i Juridisk rådgivning for kvinner i 1984, personleg rådgivar i miljøverndepartementet i 1989–90, førstekonsulent i 1992 og EF-sekretær i Senterpartiet 1992–93. Ho var stortingsrepresentant for Senterpartiet frå Nord-Trøndelag i periodane 1993–97 og 2001–05 og frå 2013 og statsråd i olje- og energidepartementet i 1997–2000 i Bondevik si første regjering. Ho arbeidde som advokatfullmektig i 2000–01, var rådgivar hos advokatfirmaet Schjødt (seinare Arntzen de Besche) i 2006–12 og statsråd i Samferdselsdepartementet i Stoltenberg si andre regjering 2012–13.
Arnstad var nestleiar i Senterungdommen i Nord-Trøndelag i 1979–81, nestleiar i Senterungdommen i 1982–85 og leiar i 1986–88. Ho var medlem av sentralstyret i Senterpartiet i 1986–88 og 2003–05. Arnstad hadde fast plass som stortingsrepresentant for Senterpartiet frå Nord-Trøndelag i periodane 1993–97, 2001–05 og frå 2013, først i utanrikskomiteen, seinare i næringskomiteen og deretter i forsvarskomiteen. Marit Arnstad vart på nytt innvald på Stortinget for perioden 2013—2017. I perioden 1997–2001 var ho vararepresentant til Stortinget. Ho var parlamentarisk leiar for Senterpartiet 2003–05 og frå 2014. 
Arnstad tok pause frå politikken i 2005, men blei vald inn i styret i Nord-Trøndelag Senterparti i 2010, blei samferdselsminister i 2012 og nominert til Stortinget i 2013. Som samferdselsminister har ho ansvar for politikken knytt til transport, telekommunikasjon og posttenester. Arnstad var òg sentral i utarbeidinga av den politiske plattforma for Stoltenbergregjeringa, og ho er ein engasjert, dyktig, godt likt og sakleg politikar, med stort truverde i og utanfor sitt eige parti.
Ho har hatt ei rekkje tillitsverv og offentlege verv, mellom anna var ho internasjonal leiar av Landsrådet for norske ungdomsorganisasjonar (LNU) i 1989–91 og medlem av rådet for Nei til EF i 1990–97. Ho var medlem av styret i Aker Seafood i 2005–12, medlem av styret for Adresseavisen og styret for Acta i 2007–12, nestleiar i styret for Statoil Hydro i 2007–12 og leiar av styret for NTNU i 2005–12.
Kjelder
Marit Arnstad, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=MAA [lesedato 27.1.2013]
Peikarar
«Sp-velgerne vil ha Arnstad som leder»

Først publisert: 14.08.2013
Sist oppdatert: 18.06.2014