Hopp til innhold
X
Innhald

Maurits Aarflot

Maurits Aarflot, redaktør, gardbrukar, ordførar og etterkomar etter folkeopplysningsmannen Sivert Aarflot.

Maurits Aarflot var fødd 15. januar 1878 og døydde 20. november 1951. Han voks opp på Rotset-garden i Volda sentrum, og berre 19 år gamal overtok han, som odelsgut, garden på Ekset. Han kjøpte prenteverket av farbroren Maurits A. Aarflot i 1902 og starta avisa Møre, som hadde linjer attende til Norsk Landboeblad (1810). Aarflot kjøpte ny trykkpresse og bygde sitt eige el-verk for å drive prenteverket.
Som redaktør gav han avisa ein bondevenleg profil, med mykje jordbruksstoff og med støtte til Bondepartiet. Han var redaktør fram til 1935, då avisa og prenteverket vart flytta inn til Volda sentrum. Eldstesonen Sivert overtok då som redaktør. Ein annan son, Rasmus, er far til Tore og Harald Aarflot, som i dag er høvesvis disponent og bladstyrar i avisa Møre.
Maurits Aarflot dyrka òg opp garden på Ekset til nærmast eit mønsterbruk. Han var tidleg ute med både treskjeverk, traktor og andre maskinar.
I krigsåra 1941 til 1945 var han ordførar i Volda, etter at den folkevalde ordføraren Johan Alvestad hadde lagt ned vervet sitt.
I 1949 gav han ut ei redigert manussamling etter oldefaren og folkeopplysningsmannen Sivert Aarflot, Runetrolldom og ringstav. I 1951 gav han ut boka Sivert Aarflot og hans samtid, begge bøkene på familien sitt eige prenteverk.
Kjelder
Jostein Nærbøvik: Krigsår og motstandsvilje. 1940–1945. Volda 1996

Først publisert: 05.02.2014
Sist oppdatert: 12.08.2015