Hopp til innhold
X
Innhald

Niels Henrik Abel

Niels Henrik Abel, 1802–29, er ein norsk matematikar som fekk stipend frå staten i 1825–1826 og frå Universitetet i 1827.
Abel prova i 1823 at den allmenne femtegradslikninga er uråd å løyse med rotteikn. Han gav fundamentale bidrag til teorien for algebraiske likningar, uendelege rekkjer og elliptiske funksjonar. Han var òg med på å leggje grunnlaget for matematisk analyse med vekt på stringent føring av prov i samband med konvergens av uendelege rekkjer.
Abel er den mest vidgjetne matematikaren i Noreg gjennom tidene, og vert rekna for å vere ein av dei største matematikarane i verda.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 03.01.2013