Hopp til innhold
X
Innhald

Olaus Alvestad

Peder Olaus Alvestad, songbokredaktør og folkehøgskulelærar, som laga ei av dei mest brukte songbøkene på 1900-talet.

Alvestad var fødd på Hildrestranda 21. januar 1866 og døydde 12. oktober 1903. Han tok lærareksamen ved Asker seminar 1888, og saman med Lars Eskeland skipa han Voss folkehøgskule i 1895. Der arbeidde han til 1902, kjøpte avisa Hordaland saman med Lorentz Nybø i 1896 og redigerte avisa til 1903.

Alvestad gav ut Norsk songbok for ungdomsskular og ungdomslag i 1898. Det blei ei av dei mest brukte songbøkene på 1900-talet, trykt i over 130 000 eksemplar dei første tretti åra, med ny utgåve seinast i 1998.

Kjelder

Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 01.12.2015
Sist oppdatert: 01.12.2015