
Olav Akselsen
Olav Akselsen, politikar, tidlegare stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Hordaland og olje- og energiminister. Sidan 2009 har han vore sjøfartsdirektør.
Olav Akselsen er fødd 28. august 1965 i Stord kommune i Hordaland. Han var ferdig med vidaregåande skule på Stord i 1984 og tok geografi mellomfag ved Universitetet i Bergen i 1988. Han var tømrar ved Sunnhordland Bygg (1986–87), stortingsrepresentant i perioden 1989–2009 og statsråd for Arbeidarpartiet i 2000–01. Etter 19 år på Stortinget valde han å trekkje seg frå rikspolitikken. I 2008 blei han utnemnd til sjøfartsdirektør.
Akselsen var leiar for Stord AUF i 1983–85 og medlem av styret for Hordaland AUF i 1985–88. I 1986–88 var han medlem av styret for Hordaland Arbeidarparti, og han var leiar i Stord Arbeidarparti i 1998–2001. Han var medlem av Stord formannskap i 1983–89. I 2000–01 var han olje- og energiminister i Jens Stoltenberg si første regjering. Som statsråd var han mellom anna ansvarleg for børsnoteringa av Statoil i 2001.
Det breie politiske interessefeltet og dei personlege eigenskapane hans gjorde han til ein sentral stortingspolitikar for Arbeidarpartiet. Han var leiar for Justiskomiteen på Stortinget i 1993, Energi- og miljøkomiteen i 2000, Næringskomiteen i 2001–05 og Utanrikskomiteen i 2005–09. Akselsen var parlamentarisk nestleiar for Arbeidarpartiet på Stortinget i 2006–09.
Akselen har hatt ei rekkje offentlege verv. Han var leiar for det regjeringsoppnemnde Energiutvalet, som skulle greie ut om energi- og kraftbalansen i Noreg fram mot 2030 og 2050. Utvalet leverte utgreiinga i mars 2012.
Kjelder
Stortinget i navn og tall 2005–2009. Oslo 2006
Olav Akselsen, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=OA [lesedato 30.1.2015]
Peikarar
«Ny sjøfartsdirektør», pressemelding, regjeringa.no
NOU 2012: 9, Energiutredningen – verdiskapning, forsyningssikkerhet og miljøSist oppdatert: 13.08.2015