Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Åm

Olav Åm, skuledirektør og kulturarbeidar. Han var med på dei første forsøka med 9-årig skule og var medredaktør for det første leksikonet som kom både på bokmål og nynorsk.

Olav Åm var fødd 8. januar 1918 i Vats i Rogaland (no Vindafjord) og døydde i Førde i Sogn og Fjordane 25. mai 2009. Han voks opp i Rogaland og Østfold, tok examen artium i Halden i 1939 og lærareksamen i Volda i 1941. I 1948–49 studerte han realfag ved Universitetet i Oslo og vart cand.mag.
Åm arbeidde eit par år i folkeskulen og framhaldsskulen, var rektor ved Årdal realskule 1943–45, rektor ved realskulen i Oppdal 1945–56 og frå 1956 styrar for ein 9-årig forsøksskule i Ørsta, ein av dei første i landet. Frå 1963 til 1985 var han skuledirektør i Sogn og Fjordane og slo seg ned i Leikanger. Åm sat i Skulekomiteen av 1965 («Steen-komiteen», etter leiaren Reiulf Steen), som i 1965–70 greidde ut vidaregåande opplæring for aldersgruppa 16–19 år, og som la grunnlaget for lov om vidaregåande opplæring av 1974.
Han var ein mykje brukt foredragshaldar og kåsør. Saman med Gunnar Mjaaland skreiv han Matematikk for ungdomsskulen (første utgåva 1965–69). Han var medredaktør for nynorskutgåva av Hermes leksikon (1979), det første leksikonet med utgåver både på bokmål og nynorsk, og gav i 1998 ut diktsamlinga Fykande frø. I 2005 kom dikta som lydbok, lesne av forfattaren sjølv, som då var 87 år gamal.
Åm var nynorskbrukar og vart i 2002 tildelt Målrosprisen av Sogn og Fjordane mållag. I 2003 vart han heidra med Kongens fortenestemedalje i gull.
Kjelder
Karl Bakke: Norske skolefolk. Stavanger 1952
Sylvi Dysvik: «Nynorsk fagleksikografi», Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Skrifter, nr. 1/2011
Pål Arne Dimmen: «Sunnmøringane i bresjen for den største skulereformen i landet», Årbok for Sunnmøre 2005. Ålesund 2005
Gerdfinn Eithun: «Banebrytande skulereformator», Bergens Tidende 21.2.2003
Hermes leksikon. For skule og heim. Oslo 1979
Per Kvist: En vandring gjennom norsk skolehistorie. Innføring i reformene i grunnskolen etter 1945. Bergen 1999
Odd Asbjørn Mediås: Skoledirektørembetet i Norge 1860–1992. Oslo 1996
Gunnar Nygjerd: «Målkjempar fyller 75», Bergens Tidende 5.1.1993
Torleiv Vaksvik: «Olav Åm – fjellmann og kulturarbeidar», i Vaksvik: Gjennom skolevinduet. Kristiansand 1994
Olav Åm: Fykande frø. Leikanger 1998
Peikarar

Først publisert: 02.02.2012
Sist oppdatert: 31.07.2018