Hopp til innhold
Olav Aukrust
Olav Aukrust
Foto: Nynorsk kultursentrum, arkiv, nytta etter avtale med Ivar Aasen-tunet.
X
Innhald

Olav Aukrust

Olav Aukrust var ein viktig lyrikar i mellomkrigstida. Med dei tre samlingane Himmelvarden, Hamar i Hellom og Solrenning skapte han ein høgromantisk syntese av folkelege, nasjonale, og mystisk-religiøse element.

Olav Aukrust var fødd 21. januar 1883 i Lom og døydde 3. november 1929 i diktarheimen Lyvjaberg på heimegarden. Han tok lærareksamen i Elverum i 1906, studerte eit år i Kristiania og arbeidde som lærar i fleire skuleslag. Frå 1910 var han lærar ved Østfolk folkehøgskule på Mysen, frå 1913 til 1915 rektor ved Gausdal folkehøgskule og deretter ved Dovre folkehøgskule til 1917. Resten av livet freista han å livnære seg som diktar. Han fekk diktarløn av Stortinget våren 1929, men døydde same året.

Debutboka Himmelvarden er på nesten 400 sider og skildrar ei religiøs erkjenningsreise gjennom eit fjell-landskap. Naturskildringane fangar opp ekko både av romantikken sine førestellingar om folkeånda, dekadansen med si vektlegging av død og undergang og trua på nasjonal og åndeleg atterføding i Grundtvigs og Steiners ånd. Samtidig går dikta i dialog med nasjonale kjernetekstar som Draumkvedet og Wergelands Skabelsen, Mennesket og Messias. Med Hamar i Hellom tek Aukrust for seg den folkelege kulturen, med humoristiske og krasse skildringar av bygdelivet, og med ein hovudtanke om at det beste i lokalkulturen skal reinsast og lyftast opp til universelle verdiar.

Då Aukrust døydde av slag i 1929, låg det att eit nesten fullført manus til Solrenning. I denne boka følgjer han opp den religiøse problematikken frå Himmelvarden, og han både presenterer og drøftar religiøse openberringsopplevingar.

Olav Aukrust i frakk, teke i studio med bakgrunn, i 1907. Frå Ivar Aasen-tunet, arkiv. Kan berre nyttast av Nynorsk kultursentrum.

Olav Aukrust i frakk, teke i studio med bakgrunn, i 1907. Frå Ivar Aasen-tunet, arkiv. Kan berre nyttast av Nynorsk kultursentrum.

Grundtvig og Steiner

Aukrust arbeidde i folkehøgskulen i sju år og kjende personleg mange av pionerane innanfor dette skuleslaget. Han tok opp i seg den kombinasjonen av kristendom og norskdom som prega denne idealistiske rørsla, og han var også eit godt døme på «det levande ordet» – han var ein fengslande talar. Grundtvigs tanke om at kristendommen skal forløyse dei nasjonale ressursane i kvart folk, høvde med det målpolitiske engasjementet til Aukrust.

Han fann dei reinaste uttrykka for norsk folkeånd i folkekunsten. Men alt på Østfold folkehøgskule møtte han interessa for teosofi og antroposofi, og seinare vart han kollega med Ingeborg Møller Lindholm på Dovre. I antroposofien fann han reiskapar til å få kunnskap om den åndelege verda, noko han kombinerte med det nasjonale spørsmålet.

Åndeleg kunnskap vert nasjonal kunnskap hos Aukrust, og slik utmyntar han ein religiøs-kulturell ideologi som finn eit symbolsk uttrykk i olsokfeiringa, som kombinerer det norrøne, nasjonale og kristne. I dei siste åra sine var Aukrust sterkt oppteken av den kristne mystikken, særleg Emanuel Swedenborg.

Folkeleg humor

Aukrust var òg svært oppteken av dei materielle og stofflege sidene ved folkekunsten. Han samla inn store mengder antikvitetar og selde ei stor samling til Lom kommune. Han samla også inn folkeviser, dialektord, slåttar og segner, og mykje av dette får nedslag i diktinga hans. Mønster frå slåttar og stev er lette å høyre i rytmen hans, og han bruker segner i somme dikt («Sota»).

Med Hamar i Hellom lagar han ei bok som tek opp i seg også dei grove og groteske sidene ved bygdekulturen, og somme av desse tekstane («Aksión på Tande», «Bilbeistet») lever framleis på folkemunne. Her syner Aukrust ei innsikt i den eldre kulturen som kan minne om Mikhail Bakhtins karnevalisme. Kulturen svingar mellom den ville feiringa og erkjenninga av det heilage, og frå humor-dikta går Aukrust vidare til foredlinga av bygdekulturen i det store diktet «Emne», som avsluttar denne boka.

Utdrag frå diktet «Bil-beistet»

Trænet som frøsande stana,
tømde sin gloande buk, —
byherket kom ifrå bana,
og «Kruggen», ein armods jehuk,
møtte upp der og baud seg te bera,
hotellet fekk flust upp å gjera —
det var kuffertar, gule og kuvne,
det var putur og pelsar og sjal,
og gauvan’ stod feite og ruvne,
og gullbrillur skein som krystal.

Det var Baumann og frue,
og Brunior, Bache hjå Alche & Søn,
og Figenschau-Pedersen junior,
Balche og Rummelhoff Grønn.
Det var Fleskerud-Olsen og frue, —
Oppesen, Dittleff og Due, —
det var Bredesen-Mowig og Malla
og lapsane Carsteen og Frans,
og løytnant Johansen og Lalla,
og Lisken og Lulla og Hans!

Det var middag og mat so det muna, —
for mette og meiska som svin
fekk dei meir og meir sidan forsona
provinsliv med whisky og vin.
Det var folk av det høgaste standet;
byfolk som plent skul’ på landet —
det var bankchef Baumann med frue
og Lisken og Lulla på rad,
hr. overretssakfører Due —
og enkefru Engelschøn-Glad!

Utdrag frå diktet «Bil-beistet» av Olav Aukrust: Hamar i hellom. Gyldendal 1926. 
Les boka på Nasjonalbiblioteket sine nettsider

Tradisjonalist i det moderne

Aukrust skreiv dei første tekstane sine under inntrykk av nyromantiske diktarar som Obstfelder og Krag. Han vart lett gripen av undergangsstemningar og dekadanse. Når han valde bygda og det nasjonale som sentrale element i diktinga si, var det med ei personleg røynsle av det moderne, og gjennom eit sterkt krisemedvit. Det finst òg ei reindyrking av dei musikalske og klanglege elementa i somme av dikta hans, som kan få ein til å tenkje på ideane om «rein poesi» i den samtidige symbolismen.

Sjølv om han var tradisjonalist, var han det i naboskap med ein gryande modernisme, og han skapte noko heilt nytt av tradisjonen, eit personleg diktunivers av religiøse og kulturelle idear.

Olav Aukrust. Foto: Ivar Aasen-tunet, arkiv.

Olav Aukrust. Foto: Ivar Aasen-tunet, arkiv. Nytta etter avtale med Ivar Aasen-tunet.

Kjelder

Helge Groth: Olav Aukrust. Problematikk og utvikling. Oslo 1948

Leif Mæhle: Vegen til varden. Ein studie i Olav Aukrusts dikting. Oslo  1968

Jan Inge Sørbø: Ørneflukt og ormegard. Ein biografi om Olav Aukrust. Oslo 2009

Peikarar

Digitaliserte bøker av Olav Aukruste på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Vidare lesing

Birkeland, Bjarte: "Kosmiske førestellingar hos Olav Aukrust, [...]". Edda 63 (1963), 252-68

Groth, Helge: Olav Aukrust : problematikk og utvikling, 1948

Hodne, Ørnulf: "Olav Aukrust og folketradisjonen". Schön, Ebbe, red.: Folklore och litteratur i Norden, 1987, 67-101

Høystad, Ole Martin: "Det elementære og det sublime i Olav Aukrusts og Tarjei Vesaas' dikting". Lærkesen, Ivar m.fl., red.: Naturhistorier, 1999, 293-316

Krokann, Inge: Olav Aukrust, 2. utg., 1944

Larsen, Alf: Den kongelige kunst, 1948 («Det norske»: 97-124)

Mæhle, Leif: "Innleiing". Aukrust, Olav: Skaldespor, 1965, 1-45

Mæhle, Leif: Vegen til varden, 1968

NBL 2. utg.

Skard, Sigmund: "Olav Aukrusts kjærleiksdikting". NLÅ 1984 , 14-23

Sørbø, Jan Inge: Ørneflukt og ormegard : ein biografi om Olav Aukrust, 2009

Ystad, Vigdis: "Olav Aukrust og diktarspråket". Bliksrud, Liv & Vigdis Ystad, red.: Hugbod : heidersskrift til Leif Mæhle [...], 1997, 36-51

Litteraturliste utvikla av Nasjonalbiblioteket for Allkunne 2011
Tilrettelagt og oppdatert av Allkunne

Først publisert: 23.04.2010
Sist oppdatert: 04.11.2019