Hopp til innhold
Per-Willy Amundsen. Foto: Olav Heggø / Fotovisjon, kjelde: regjeringa.no.
Per-Willy Amundsen. Foto: Olav Heggø / Fotovisjon, kjelde: regjeringa.no.
X
Innhald

Per-Willy Amundsen

Per-Willy Trudvang Amundsen, økonom, stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Troms og tidlegare justis- og beredskapsminister i Solberg-regjeringa.

Per-Willy Amundsen er fødd 21. januar 1971 i Harstad i Troms. Han var elev ved Heggen gymnas i 1987–90 og tok førstegongstenesta i Hæren i 1990–91. Amundsen tok fag ved siviløkonomstudiet ved Norges Handelshøyskole i 1991–95 og fag ved IKT-studiet ved Høgskolen i Sør-Trøndelag i 1999–2001.

Amundsen arbeidde først som lærarvikar i Harstad i 1995, deretter som konsulent i Cinet Harstad AS i 1995 og ved Ad Notam Norge i 1996–97. Han var konsulent ved trygdekontoret i Harstad i 1997–99 og sjølvstendig næringsdrivande i 1999–2001. Før han blei vald inn på Stortinget for FrP i 2005, var han sjef for forsking og utvikling ved AOT GoOnline AS i 2002–05. Frå 2005 til 2013 var han stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Troms, frå 2013 til 2016 statssekretær for kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner og frå desember 2016 til januar 2018 justis- og beredskapsminister i Solberg-regjeringa.

Han var leiar av Harstad FpU i 1986–90 og leiar i Troms FpU i 1989–90. Medan han studerte, var han medlem av styret for Hordaland FpU i 1992–94, seinare leiar av Harstad FrP i 2000–02 og medlem av kommunestyret i Harstad i 1999–2005, dei to siste åra i formannskapet. I to stortingsperiodar (2005–2013) var han stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Troms. Dei første seks åra var han medlem av kommunal- og forvaltningskomiteen og dei to siste i energi- og miljøkomiteen.

Politisk høyrer han til den delen av partiet som kjem med populistiske utspel. Både som Frp sin innvandringspolitiske talsmann og seinare som energi- og klimapolitisk talsmann på Stortinget har han i opposisjon kome med kontroversielle utspel om klima, muslimar og homofili. Fleire av utsegnene provoserte mange meiningsmotstandarar, men han ville ikkje trekkje dei tilbaka då han blei statsråd. Amundsen er for ein streng innvandringspolitikk, har uttalt at asylsøkjarar er lukkejegarar, og han er skeptisk til at klimaendringane er menneskeskapte.

Amundsen var leiar av styret for AOT GoOnline AS i 2003–05 og medlem av Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og styresmaktene i 2006–07.

Kjelder

Om Per-Willy Amundsen på stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=PTA [lesedato 29.1.2017]

Om Per-Willy Amundsen på regjeringen.no: https://www.regjeringen.no/no/dokumentarkiv/regjeringen-solberg/andre-dokumenter/kmd/2013/per-willy-trudvang-amundsen/id742992/ [lesedato 29.1.2017]

Peikarar

Alf Ole Ask og Robert Gjerde: «Per-Willy Amundsen: – Jeg er ingen privatpraktiserende statsråd», aftenposten.no

Lars Joakim Skarvøy: «Statsråd Per-Willy: – Jeg vil ikke gå kanossagang og si unnskyld», vg.no

Først publisert: 21.03.2017
Sist oppdatert: 19.01.2018