Faktaboks

Rasmus B. Anderson
Rasmus Bjørn Anderson
Fødd
12. januar 1846, Albion township, Wisconsin, USA
Død
2. mars 1936, Madison, Wisconsin, USA
Verke
Norskamerikansk forfatter og filolog
Familie

Foreldre: Farmer Bjørn Anderson Kvelve (1801–50) og Abel Cathrine von Krogh (1809–85).

Gift 21.7.1868 med lærer Bertha Karina Olson (11.2.1848–4.3.1922).

Rasmus Anderson
Av .

Rasmus B. Anderson var ein norskamerikansk filolog og professor. Han hadde ein sterk posisjon i det norsk-amerikanske miljøet og var ein skarp talsperson for norsk kultur i Midtvesten. Anderson fekk stor betydning for at kunnskap om norsk språk, historie og kultur vart spreidd til norskamerikanarar.

Anderson bygde opp og var professor ved Institutt for skandinaviske studium ved statsuniversitetet i Wisconsin. Han var også ein produktiv forfattar. På åtte år skreiv han meir enn eit dusin bøker, dei fleste av dei på engelsk. Frå rundt 1880 omsette han songar og andre tekstar frå landsmål til engelsk.

I 1883 trekte Anderson seg tilbake frå universitetet og byrja som forsikringsseljar. Etter ein periode som amerikansk diplomat i Danmark 1885–1889 kom han tilbake til USA og prøvde seg på ulike felt i forretningslivet. Frå 1898 til 1922 var han redaktør for den norske vekeavisa Amerika.

Bakgrunn

Rasmus B. Anderson var fødd i Albion i Wisconsin i USA. Han utdanna seg ved Luther College, i Decorah i staten Iowa, og byrja som lærar i Albion i 1866. I 1869 vart han tilsett ved statsuniversitetet i Wisconsin. Der bygde Anderson opp Institutt for skandinaviske studium, det første i sitt slag i USA, og vart utnemnd til professor ved instituttet i 1875.

Anderson såg livet som ein strid, og var frå ung alder sjølv ein stridsmann. Som ungdom fekk han høve til å studere ved Luther College, men før studietida var omme, vart han utvist frå colleget, fordi han hadde stelt seg i spissen for eit studentopprop mot kadaverdisiplinen ved skulen.

Norsk tradisjon og sagatid

Måleriet «Leiv Eirikson oppdager Amerika» (1893)
Christian Krohg si framstilling av den norske oppdaginga av Amerika i måleriet Leiv Eirikson oppdager Amerika (1893).
Av /Nasjonalmuseet .
Lisens: CC BY 4.0

Frå teologi vende Anderson interessa mot norsk tradisjon og sagatid. Særleg var han oppteken av Leif Eiriksson. Han heldt førelesingar om den norske oppdaginga av Amerika, og sommaren 1873 drog han saman med Ole Bull til Noreg for å skaffe pengar til ein Leif Eiriksson-statue. Tilbake i Amerika skreiv han America Not Discovered by Columbus, der han argumenterer for at det var Leif Eiriksson og norske vikingar som oppdaga Amerika, då dei steig i land ved Vinland. Boka kom i 1874, ho var smålåten i omfang, knappe hundre sider, men innhaldet var kontroversielt. Trass i heller hard medfart frå kritikarar kom America Not Discovered by Columbus ut i åtte opplag.

Statuen av Leif Eiriksson vart reist, men ikkje ved Wisconsin-universitetet i Midtvesten, slik Anderson hadde tenkt seg. Som følgje av usemje i planleggingsgruppa vart statuen reist i Boston på Austkysten. I 1932 fekk Anderson oppleve at president Franklin D. Roosevelt proklamerte 9. oktober som offisiell Leif Eiriksson-dag i Amerika.

Faglitteratur og folkedikting

Som professor i skandinaviske språk gav Anderson ut ei rekkje bøker med norske og nordiske tema. I 1874 kom Den norske maalsag, der han gjer greie for det nye landsmålet som tok form i Noreg. I Norse mythology frå 1875 gir han ei fyldig innføring i den gamle norrøne gudetrua. Målet med bøkene var ikkje berre å spreie kunnskap om norsk språk og historie, men å gjere norskamerikanarane stolte over eigen kulturarv.

Dei siste tiåra på 1800-talet var ei nasjonal og politisk blomstringstid i Noreg, og Anderson var med og formidla dei nye straumdraga i Amerika. I 1881 omsette han Ivar Aasens «Nordmannen» til engelsk, og han gav «Kjerringa med staven», «Pål sine høner» og ei rekkje andre folkeviser på landsmål engelsk språkdrakt. Han beundra den unge Henrik Ibsen, var ven med Bjørnstjerne Bjørnson og omsette sju av bondeforteljingane hans til engelsk. Seinare tok han i kvasse ordelag avstand frå både Ibsen og Bjørnson, som han meinte var vorten unasjonale og ateistiske. Då Bjørnson fekk Nobelprisen i litteratur, skreiv Anderson energiske avisinnlegg der han framheva han som ein uverdig vinnar.

Avispolemikk og omstridd redaktør

I Anderson si samtid var det fleire norskspråklege aviser i Amerika. Den største var Skandinaven, grunnlagd i 1866, der Anderson var ein flittig bidragsytar i 20 år, til han i 1866 braut over tvers med avisa, som han skulda for å ha vorte for liberal. Anderson meinte at alle dei norske avisene var i forfall. Særleg var han arg på reklamen, som han oppfatta som løgnaktig og usømmeleg.

Frå 1898 til 1922 var han redaktør for si eiga avis, Amerika, der han med utrøytteleg iver fordømde moderne norsk litteratur, som han meinte reiv ned nordmennene sitt gode rykte i Amerika. Han var kjend for å vere nådelaus i omtalen av sine meiningsmotstandarar.

Forretningsmann med mange jern i elden

I 1883 forlét Anderson universitetet for å leggje seg opp pengar. Han starta som forsikringseljar, og fortel at han snart tente ti gonger så mykje som han hadde gjort som professor. Etter nokre års avbrot som politikar og sendemann til Danmark stod han i 1889 på nytt ved ein skiljeveg. Det var ikkje snakk om å ta opp att universitetskarrieren, eller halde fram med politikken. Den talentfulle Anderson såg nye opningar. Ei stund var han med og importerte reinsdyr frå Nord-Noreg til Alaska. Han starta Wisconsin gummiselskap og kjøpte opp svære område i Mexico, der selskapet planta gummitre.

Han grunnla eit forsikringsselskap og sat sjølv som president for selskapet i mange år. I den nesten 700 sider lange sjølvbiografien sin Life Story (1915) opnar han med å slå fast – på norsk, engelsk og latin – at livet er ein krig. I sjølvbiografien fortel han om tida som agent for Möllers tran: På fire år besøkte han alle byar med meir enn 5000 innbyggjarar i USA og Canada aust for Rocky Mountains for å promotere den norske medisintranen. Særleg galdt det å overtale lækjarstanden om dei gode verknadene av tranen. Difor deltok han på lækjarkongressar, og han sørgde for å få innpass på medisinskular der han kunne påverke studentane.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Jostein Fet: New Norse Literature in English Translation 1880–1982. Volda 1985
  • Lloyd Hustvedt: Rasmus Bjørn Anderson. Pioneer Schoolar; The Norwegian-American Historical Association, bd. 2. Northfield, Minnesota 1966
  • Rasmus B. Anderson og Albert O. Barton: Life Story of Rasmus B. Anderson, 1915. Digital utgåve ved Library of Congress
  • «Rasmus B. Anderson, ‘Grand Old Viking’ Dies», i The Wisconsin State Journal, 3.3.1936. Digital utgåve ved Wisconsin Local History & Biography Articles
  • Paul Knaplund: Rasmus B. Anderson, Pioneer and Crusader, Norwegian-American Studies and Records vol. 18, 1954
  • Nordmenn i Amerika - Thor M. Andersens bibliografi (Nasjonalbiblioteket)
  • Øverland, Orm: The western home : a literary history of Norwegian America, 1996

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg