Hopp til innhold
X
Innhald

Reidar Almås

Reidar Almås, professor og grunnleggjar av Norsk senter for bygdeforskning. Grøn omsorg, samdrift og endringsprosessar på bygda er nokre av dei prosjekta han har forska på.

Reidar Almås er fødd 8. februar 1943 i Melhus kommune i Sør-Trøndelag. Etter examen artium ved Orkdal landsgymnas i 1964 tok han utdanning som sosiolog ved universiteta i Trondheim og Bergen. I 1973 tok han hovudfag i sosiologi, og i 1980 tok han doktorgraden ved Universitetet i Trondheim, med avhandlinga Nye organisasjonsformer i jordbruket. Han vart professor II ved Institutt for sosiologi og statsvitskap ved NTNU i Trondheim i 1986 og professor i bygdesosiologi og regionalpolitikk ved NTNU i 2001.
Almås har vore med og utvikla Norsk senter for bygdeforskning ved Universitetet i Trondheim sidan starten i 1982. Der var han dagleg leiar frå 1982 til 1998 og frå 2002 til 2007. I 2007 vart han professor på heiltid.
Han har forska på mange tema innanfor bygdesosiologi og norsk landbruk. Grøn omsorg, samdrift og endringsprosessar på bygda er nokre av dei prosjekta han har vore med på. Han har skrive ei rekkje bøker og artiklar om dei ulike forskingsemna. Bygdesosiologi (1985), Bygdeutvikling (1995) og Norges landbrukshistorie, bind IV: Frå bondesamfunn til bioindustri (2002) er døme på det.
For perioden 2008 til 2012 vart Almås vald som president i den internasjonale foreininga for bygdesosiologar, IRSA. I 2011 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for innsatsen sin som forskar og institusjonsbyggjar.
Kjelder
Anette Musdalslien: «Distriktspatrioten», Klassekampen 21.1.2012
Reidar Almås, CV, bygdeforskning.no: http://www.bygdeforskning.no/filarkiv/2010/05/27/14bfe26d811c5c.pdf [lesedato 21.2.2012]
Peikarar

Først publisert: 08.05.2012
Sist oppdatert: 08.05.2013