Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Rigmor Aasrud

Rigmor Aasrud, bedriftsøkonom, mangeårig ordførar for Arbeidarpartiet i Gran kommune og statsråd i Stoltenberg II-regjeringa 2009–13.

Rigmor Aasrud er fødd 26. juni 1960 i Jevnaker i Oppland. Ho gjekk på Hadeland gymnas i 1976–79, blei bedriftsøkonom frå BI i 1985, tok forvaltningsrett ved Høgskulen i Volda i 2002 og kommunikasjonsrådgiving ved Høgskolen i Lillehammer i 2004. Aasrud var administrativ og økonomisk leiar ved Hertz bilutleie i 1979–85 og avdelingsleiar ved Aas data i 1985–92. Ho var kvinnepolitisk sekretær i kvinnerørsla til Arbeidarpartiet i 1992–95, ordførar i Gran kommune i 1995–2005, statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet i 2005–09 og statsråd i fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet 2009–13.
Aasrud var medlem av Gran kommunestyre for Arbeidarpartiet i 1979–87, medlem av formannskapet i 1987–95 og ordførar frå 1995 til 2003. Ho var medlem av landsstyret i Arbeidarpartiet i 1992–97 og var vararepresentant til Stortinget i 1993–2005. I 2009 fekk ho fast plass som stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Oppland, men blei utnemnd til statsråd like etter valet. Etter valet i 2013 er ho attende som fast møtande på Stortinget. Som statsråd i fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet var ho òg minister for nordisk samarbeid. Aasrud arbeider politisk mellom anna med IKT-politikk, kyrkjesaker og arbeidsgivarpolitikk.
Aasrud var redaktør av Det lykkelige valg (1994), ei debattbok om kvinner og EU, saman med Signe Horn og Beret Bråten. Ho var nestleiar i Vestre Gran IL i 1983–85, leiar av Gran håndballklubb i 1987–88, leiar av styret for Hadeland Energiverk i 1999–2005 og medlem av styret for Energibedriftenes landsforbund i 2004–05.
Kjelder
Rigmor Aasrud, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=RIAJ [lesedato 25.1.2013]
Peikarar

Først publisert: 14.08.2013
Sist oppdatert: 21.02.2017