Hopp til innhold
Ronny Brede Aase. Foto: NRK P3/Pressebilde. Nytta etter avtale med NRK P3.
Ronny Brede Aase. Foto: NRK P3/Pressebilde. Nytta etter avtale med NRK P3.
X
Innhald

Ronny Brede Aase

Ronny Brede Aase, journalist og programleiar i P3morgen på NRK Radio saman med Silje Reiten Nordnes og Markus Neby.

Ronny Brede Aase er fødd 19. september 1986 i Førde i Sogn og Fjordane. Han tok medium og kommunikasjon ved Mo og Jølster vidaregåande skule i 2002–05 og studerte digital medieproduksjon ved Høgskolen i Østfold i 2005–06. Brede Aase fekk jobb i NRK Sogn og Fjordane i 2006 som sommarvikar, og blei tilsett i NRK som programleiar i 2007. Brede Aase har sidan 2007 leia radioprogrammet P3morgen. Han har òg vore programleiar for fjernsynsproduksjonane P3aksjonen, VG-lista topp 20, Sommeråpent, P3 Gull og Linn og Ronnys tacoshow. 

Han er medviten om bruken av språket og er eit føredøme for andre som nyttar nynorsk og dialekt. Særleg viktig er han for unge som høyrer på P3, for å auke forståinga og toleransen for nynorsk. Brede Aase har skapt sin eigen signatur, og han bruker nynorsk på eit utradisjonelt område. Som programleiar held han eit høgt tempo, er uredd og stilsikker og får folk til å opne seg. 

Brede Aase fekk Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar i 2009. Saman med programleiar Live Nelvik blei han kåra til årets radionamn og årets programleiar under prisutdelinga Prix Radio i 2011, og i 2014 fekk han prisen saman med Silje Reiten Nordnes. I 2017 fekk han igjen prisen, då med same Nordnes og Markus Neby. Same året fekk trioen Dialektprisen Norsk Målungdom.


Kjelder

Geirmund Henjum, Nynorsk mediesenter: «Ronny Brede Aase får KKD sin nynorskpris for journalistar», regjeringa.no: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/ronny-brede-aase-i-nrk-p3-far-kulturdepa/id563181/ [lesedato 8.6.2016]

StudentTorget: «Ronny skulket skolen for å lage lokalradio i Halden», studenttorget.no: http://www.studenttorget.no/index.php?show=4839&expand=3797,4662,4839&artikkelid=10167 [lesedato 8.6.2016]

 

Peikarar

Tora Hope: «Korleis vart du du, Ronny Brede Aase?», framtida.no

Martine Lunder: «P3-Ronny er blind på ett øye. – Greit at folk tuller med det», vg.no

P3morgen, nrk.no

Først publisert: 25.04.2017
Sist oppdatert: 18.11.2017