Hopp til innhold
Foto: Raud Ungdom
Foto: Raud Ungdom
X
Innhald

Seher Aydar

Seher Aydar, politikar og tidlegare leiar for ungdomsorganisasjonen Raud Ungdom (RU) 2012—14. Ho var den første leiaren i Raud Ungdom med ikkje-europeisk bakgrunn.

Seher Aydar er fødd i 1989 i Tyrkia, kom til Noreg som 12-åring og voks opp i Fredrikstad. Ho arbeidde som barnehageassistent i Fredrikstad til 2010, var generalsekretær i Raud Ungdom i 2010–12, og leiar av ungdomspartiet 2012—14.
Aydar har vore leiar i Østfold Rød Ungdom og økonomiansvarleg i Fredrikstad Rød Ungdom.
Ho er muslim og har kurdisk kulturbakgrunn. Den viktigaste politiske saka hennar er antirasisme, og ho arbeider mot tvangsreturnering av mindreårige asylsøkjarar. Andre kjernesaker er leksefri skule, kvinnekamp, rettferd for palestinarane og auka integrering i arbeidslivet. Ho er imot større klasseskilje, og ho vil arbeide for å byggje opp eit fleirkulturelt samfunn som fungerer.
Kjelder
«Seher Aydar ny leder i Rød Ungdom», nettsidene til Rød Ungdom, rødungdom.no: http://rødungdom.no/nyheter/seher-aydar-ny-leder-i-rod-ungdom [lesedato 14.6.2013]
Peikarar
«Dette mener ungdomspartiene», ung.no

Først publisert: 25.09.2013
Sist oppdatert: 07.05.2014