Hopp til innhold
X
Innhald

Sigbjørn Apeland

Sigbjørn Apeland, organist og etnomusikolog som har markert seg både som utøvar og forskar med sterk interesse for folkelege og verdslege uttrykk.

Sigbjørn Apeland er fødd 10. mai 1966 i Haugesund og voks opp i Sveio kommune. Etter musikklina på Skeisvang videregående skole i Haugesund, studerte han kyrkjemusikk ved Rogaland Musikkonservatorium (1985–88) og etnologi ved Universitetet i Bergen (1996).
I 1998 fullførte Apeland hovudfag ved Universitetet i Bergen. «Folkemusikkdiskursen. Konstruksjon og vedlikehald av norsk folkemusikk som kulturelt felt» var tittelen på hovudfagsoppgåva, og i 2005 forsvarte han doktorgraden sin om «Kyrkjemusikkdiskursen. Norsk kyrkjemusikk som kulturell praksis».
Apeland har arbeidd som organist i fleire kyrkjer. Den første stillinga hadde han i Ølen kommune (1988–1992), medan han i 2007 vart tilsett som organist i Sandviken, der han arbeider i dag. Apeland har undervist i fag som liturgikk, orgelimprovisasjon, folkemusikk og etnomusikologi ved mellom anna Universitetet i Bergen, Ole Bull Akademiet og Misjonshøgskulen i Stavanger.
Apeland er ein særs aktiv utøvar og er å finne som deltakar i varierte konsertsamanhengar. Han har medverka på ei lang rekkje innspelingar i samarbeid med utøvarar som John Hegre, Nils Økland, Berit Opheim og Sigrid Moldestad. I tillegg til orgel spelar han ofte harmonium (trøorgel). Improvisasjon er eit sentralt element i spelet anten det dreiar seg om kyrkjemusikk, folkemusikk eller meir eksperimenterande uttrykk.
Kjelder
E-post frå Sigbjørn Apeland 19. og 31. mai 2010
«Kyrkjemusikk som samtidskultur», omtale av doktorgradsarbeidet, Universitetet i Bergen, uib.no, http://www.uib.no/info/dr_grad/2005/ApelandSigbjorn.htm [lesedato 14.09.2010]

Først publisert: 20.09.2010
Sist oppdatert: 30.04.2013