Hopp til innhold
X
Innhald

Sivert Aarflot

Sivert Aarflot, bonde, omgangsskulelærar og lensmann, var ein folkeopplysningsmann og kulturentreprenør som kring 1800 gjorde Ekset i Volda til eit allment senter for utvikling av skriftkultur.

Sivert Knutsson Aarflot var fødd i Ørsta 23. oktober 1759 og døydde i Volda 14. juli 1817. Han var fødd og døypt Sjur, gjekk i tre år til saman 22 dagar på skule, blei konfirmert av Claus Frimann og Hans Strøm i 1775 og var omgangsskulelærar i Ørsta frå 1778. I 1793 tok han over farsgarden til han i 1798 blei lensmann i Volda og flytta til Ekset ved Voldsfjorden.

På Ekset etablerte han bibliotek (1797), postopneri (1805), trykkjeri (1809) og bokhandel (1809). Frå 1803 heldt han verdsleg søndagsskule i Volda kyrkje – den første på Sunnmøre. Han kom med i Syndmøre Practiske Landhuusholdnings-Selskab i 1802, og i 1811 stifta han Voldens Sogneselskab, eit lokallag i Selskabet for Norges Vel. Dette laget dreiv søndagsskulen vidare frå 1815.

Den praktiske opplysaren debuterte i 1791 med eit visetrykk om torskefisket det året. Seinare skreiv han ei rekkje større og mindre skrifter, og i åra 1810–1816 gav han ut Norsk Landboeblad, eit opplysningsblad for bønder.

Aarflots trykkjeri på Ekset var det femte trykkjeriet i Noreg og det einaste utanfor stiftsbyane. Det første han trykte, skal vere flygebladet «Frankrigs Keiser Napoleon Bonaparte» vinteren 1809, truleg etter eit dansk førebilete. I levetida hans blei 150 skrifter prenta på Ekset, og Aarflot skreiv sjølv meir enn 30 av dei. Den verksemda han etablerte, er ført vidare av etterkomarane i ubroten rekkje og gjer Aarflot-familien til eit viktig norsk avishus.

Sivert Aarflot fekk i 1800 gullmedaljen av Det kgl. danske Landhuusholdningsselskab for bibliotekarbeidet, og to år etter gullmedaljen «for ædel Daad» av kong Christian 7. for opplysningsarbeidet sitt. Kong Frederik 6. utnemnde han i 1809 til medlem av Dannebrogsordenen.

Sivert Aarflot-museet blei opna på Ekset ved 200-årsjubileet hans i 1959 og er ei avdeling i Sunnmøre Museum.

Den sunnmørske lærdomstradisjonen

Det Sivert Aarflot gjorde, gjorde han i ei tid med utbreidd lese- og skrivekunne og i eit samfunn med sterke brukslitterære tradisjonar. Det miljøet han utvikla, var både knytt til ein tung lærdomstradisjon på Sunnmøre og ei vidareutvikling av denne.

Mot slutten av 1700-talet styrkte presten Hans Strøm denne tradisjonen og bygde på dei rasjonelle danningsideala i opplysningstida. Den tenkinga prega både Sivert Aarflot og Ivar Aasen. Vi har hatt éin stor mann på Sunnmøre, sa Aasen, og det var Hans Strøm.

Strøm var frå Borgund innanfor Ålesund, kom til Volda som prest i 1764 og var der i 15 år. Det var nok til å setje spor etter seg. Han kom til eit samfunn prega av ein tradisjon for å skriftfeste hendingar i dagleglivet. Strøm viste kor viktig det var, det lesande og skrivande folk frå allmugen heldt på med. Sjølv var han midt i arbeidet med «Beskrivelse over Fogderiet Søndmør». Det verket kom ut i to band 1862–66 og blei eit føredøme for liknande framstillingar langt utover landegrensene for Danmark–Noreg. Gjennom Aarflot blei Strøms tenking ført vidare innanfor ein ny samfunnsklasse.

Krigsherjingane, uår med sviktande fiske og avlingar, og stor folkeauke gjorde dette til ei tid av materiell naud. I 1813, då krigen gjekk mot slutten, var det bondeuro og hungeropprør over heile landet. Freden i 1814 stoppa ikkje nauda, men gjorde endring mogleg. I denne sosiale krisa makta den sjølveigande odelsbonden Sivert Aarflot å gjere dei mange husa på Ekset til eit kraftsenter som må ha vore bra for sjølvtilliten til nokon kvar på Nordvestlandet. Han var noko nær ein kompromisslaus folkeopplysningsmann, dokumenterte og formidla kunnskapar frå innsida av bondesamfunnet, og bygde opp nettverk kring utgivingane sine. Sjølv skreiv Aarflot ei rekkje små avhandlingar om så ulike emne som fiskeri og korndyrking, meteorologi og runeinnskrifter.

Norsk Landboeblad var Aarflots hovudverk, retta til allmugen, forma i den danningskulturen som elles var prega av samfunnseliten. Det utgjer nærmare 800 sider, og om lag 80 prosent av innhaldet var allment opplysningsstoff. Alt ved utgangen av første utgivingsåret hadde bladet nær 600 tingarar, som var mykje på den tida. Aarflot skreiv det meste sjølv, fekk skrivehjelp av slike som mangesyslaren Hans Barlien frå Trøndelag og prenta ordlister med talemålsord frå både Sunnmøre og Sogn.

Skriftsenteret Ekset

Ein gong hadde Ekset vore tingstad og kyrkjeeigedom. No stod den til nedfalls. Dei første tiåra på 1800-talet var dette hovudscena for praktisk opplysningsstrev og kulturell danning i ein region som førebels var utan byar; Ålesund var enno berre ein liten ladestad ved Ålesundet. Kring 1810 kom det ut seks andre aviser i Noreg, og i 1820-åra var det ni andre bokhandlar i landet.

Grunnlaget for det gratis lånebiblioteket var Aarflots eiga boksamling på 84 band, som to år seinare var blitt til 114. Blant desse var mange vitskaplege bøker og ein del islandske skrifter. Ein volding busett i København forsynte Aarflot med så mange bøker han kunne. I boksamlinga dominerte den verdslege litteraturen, som i utgivingane frå trykkjeriet. Samlinga voks fort, til glede for ein lesande og skrivande allmuge. Då Strøm døydde, inneheldt boksamlinga om lag 550 band.

Like før jul i 1807 søkte Aarflot om løyve til å drive boktrykkjeri på Ekset. Strateg som han var, føresette han i søknaden at ingen andre fekk drive boktrykkjeri mellom Bergen og Trondheim. Ut på nyåret i 1809 var prenteverket på plass i ei lita røykstove. Då var det trykkjeri berre i dei kyrkjelege stiftsbyane Trondheim, Kristiania, Kristiansand og Bergen. Ute i Europa herja Napoleonskrigane, og det første Aarflot prenta, var eit flygeblad om Napoleon Bonaparte. Respekten var stor og tilpassa tida. Heile verda må beundre hans lykke og framgang, skreiv Aarflot, og vedgå at keisaren er stor.

Sivert Aarflot brukte dei verkemidla og formidlingsformene som var tilgjengelege. Truleg var han den første xylografen i Noreg. I mange av skriftene frå Ekset, frå ABC-ar til opplysningsskrifter, var det avtrykk av tresnitt skorne inn i hard endeved.

Med trykkjeri på Ekset opna ei ny dør seg for miljø som lenge hadde vore skrivande. Den korte avstanden frå skrift til prent gjorde terskelen låg for mange skrivande. Fram til 1839 gav minst 39 forfattarar ut skrifter på Ekset. Dansk dominerte, men der var også mange skrifter på talemål.

Folkeopplysaren Sivert Aarflot kopla saman allmuge og elite i ein skriftkultur som med sine forum for offentlege resonnement peika tidleg og eintydig i retning av modernisering.

Kjelder

Arne Apelseth: «Sivert Aarflot og Ekset-institusjonen», i Trond Berg Eriksen og Egil Børre Johnsen (red.): Norsk litteraturhistorie, I. Oslo 1998

Ottar Brox: Norsk landbrukspresse frem til omkring 1840, Noregs landbrukshøgskule. Ås 1957

Jostein Fet: Eksetiana. Aarflots Prenteverk 1809–1935. Oslo 2006

Jostein Fet: Lesande bønder. Litterær kultur i norske allmugesamfunn før 1840. Oslo 1995

Jostein Fet: Skrivande bønder. Skriftkultur på Nord-Vestlandet 1600–1850. Oslo 2003

Ottar Grepstad: Det litterære skattkammer. Oslo 1997

Ottar Grepstad: Historia om Ivar Aasen. Oslo 2013

Halvdan Koht: «Aarflot, Sivert Knudssøn», i Norsk biografisk leksikon. Kristiania 1923

Jostein Nerbøvik: Myndige møringar 1740–1870. Volda 2004

Øystein Sande: «’Der stræber for at gavne’ – avishuset Aarflot i Volda 1810–1994», i Agitasjon og opplysning, Pressehistoriske skrifter nr. 2/2004

Først publisert: 12.08.2015
Sist oppdatert: 01.08.2018