Hopp til innhold
X
Innhald

Sjur Årebru

Sjur Årebru var bonde frå Årdal i Sogn og forfattar av tre skodespel for ungdomslag.

Sjur Årebru var fødd i Årdal i Sogn 27. desember 1897 og døydde same staden 10. november 1982.

Årebru var bonde, men i slutten av 1920-åra og ut i 1930-åra arbeidde han òg som forsikringsinspektør i Buskerud, Sør-Trøndelag og Sogn og Fjordane. Frå ungdomen av var han aktiv i ungdomslagsrørsla, og han skreiv mange tekstar i lokalavisene og i julehefte, mellom anna i Norsk jul. Årebru nytta gjerne pseudonyma «Sjuren» og «Sjur Sogning» når han skreiv i aviser og blad. Han var skriftstyrar for Jol i Sogn i 1935–39.

Årebru var kommunestyrerepresentant for Venstre i mange år og engasjerte seg sterkt i arbeidet for vegutløysing for Seimsdalen, der dei fekk tunnelsamband til Årdalstangen i 1969.

Årebru gav ut tre skodespel for ungdomslag. Alle tre høyrer til sjangeren folkekomedie, med kjærleiksforviklingar, utlevering av menneskelege veikskapar, situasjonskomikk og misforstått bruk av framandord. I Valsjau (1929) er det intriger kring eit kommunestyreval som ber handlinga, med utlevering av innbilske og sjølvgode lokalpolitikarar. I Bondeslusken (1931) er handlinga lagd til ei anleggsbrakke, med rallarar som lid under tunge arbeidsvilkår og dårleg løn. Også i Hr. og fru Lurveli (1934) er det arbeidsfolk i hovudrollene: Skomakaren Lars Lurveli arvar ein stor pengesum frå ein onkel i Amerika og vert rikmann i bygda. Årebru utleverer latterleg åtferd og lèt det fattige ekteparet verte omskapte frå solidariske arbeidsfolk til egoistiske rikfolk. Men dei vert lurte av ein bedragar og vender tilbake til kvardagen i skomakarverkstaden.

Årebru sine skodespel har innslag av sosial kritikk og opprørstrong, retta mot skeiv fordeling av både makt og pengar, men sjangerkrava styrer handlinga, slik at desse trekka kjem i bakgrunnen – medan romantikk og situasjonshumor dominerer.

 

Kjelder

Telefonsamtale med Jensina Heide, f. Årebru 8.10.2018

 

Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik: Dikting og diktarar frå Sogn. Førde 1978

Søren Ve: «Einskildpersonar», i Dagfinn Krossen (red.): Bygdebok for Årdal, bd. II: Kulturbandet. Årdal 1978

 

Peikarar

Forfattarside om Sjur Årebru på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane», forfattarar.sfj.no

Først publisert: 13.06.2019
Sist oppdatert: 13.06.2019