Hopp til innhold
Foto: Samlaget
Foto: Samlaget
X
Innhald

Solveig Aareskjold

Solveig Aareskjold, romanforfattar, skribent og ei av få kvinnelege essayistar som skriv på nynorsk.

Solveig Aareskjold er fødd 19. juli 1949 i Høyland i Rogaland og er no busett på Sandnes. Ho er utdanna cand.philol med hovudfag i nordisk (1978) frå Universitetet i Bergen med hovudoppgåve om Sigrid Undset, og har historie og lærarskule i fagkrinsen. Ho arbeidde som lektor ved Stavanger katedralskole (1978–93). Ho var morgonkåsør i NRK P2 på 1990-talet og er fast spaltist i Dag og Tid (frå 2000).
Aareskjold debuterte i 1987 med romanen Det indre tempel. Seinare kom romanane Isis og Osiris (1989), Kvinna på dyret (1991), Odyssevs reiser stadig heimover (1993) og Blå bok (1997). I 2001 kom romanen Englefangst.
Ho har gitt ut fleire essaysamlingar: Kyss meg i diskursen (1996), Fallos (1997) Kunsten å bu i hus (1999) og Tyrefekting (2004). Aareskjold er oppteken av den moderne kulturen, kjønnsroller og vår tids syn på mannen og det mannlege, gresk og norrøn gudelære. Som essayist skriv ho humørfylt og friskt om kvinne- og mannsroller i eit historisk perspektiv.
Aareskjold medverka i antologien Forløsning. Ni fortellinger om å føde (1993) og i Eventyrboka (2009), ein eventyrantologi med nyskrivne eventyr. Ho har skrive artiklar og essay i Klassekampen, Stavanger Aftenblad , Morgenbladet, Samtiden og Syn og Segn i ei årrekkje.
Essaysamlingar                                                                               
Kyss meg i diskursen (1996) er ei essaysamling om oppvekst, sjølvkjensle, kunst, liv og dikting.  Aareskjold gir uventa og nye perspektiv på litterære klassikarar som Shakespeare, Homer, Garborg og Undset. Ho kommenterer spørsmål om forholdet mellom kjønna og kvinneidentitet på ein forfriskande og vital måte med utgangspunkt i kunst og dikting og personlege erfaringar.
Fallos. Det mangfaldige i det mannlege (1997) handlar om kjønnsmytar, og Aareskjold skriv friskt og har originale tankesprang og er presis i formuleringane sine. Ho har stor kunnskap om Edda, Snorre, greske og egyptiske mytar. Bodskapen er at menn er ulike, men ho har liten sans for mannsbileta i nyare litteratur og tek eit oppgjer med vår tids idear om det mannlege.
Essaysamlinga Kunsten å bu i hus (1999) er intelligent, humoristisk og uvørden, samtidig som Aareskjold skriv subjektivt, uhøgtideleg og folkeleg. Ho har morosame og overraskande tankesprang og koplar saman ulike erfaringsområde. Temaet skal vere huset, og Aareskjold skriv om heimen, skilnaden mellom by og land, gammal og ung, natur og kultur, før og no, og koplar saman det å lese ein roman og det å gå inn i eit hus. Samlinga er eit utkast til ein kosmologi, eit verdsbilete der ho diskuterer individet sitt spelerom i kulturen.
I 2004 kom Tyrefekting. Her skriv Aareskjold med oksen som gjennomgangstema om natur, kultur, kjønnsroller og mytologi. Utgangspunktet er tyrefekting, oksen er vakker og tragisk, og alle veit han skal døy. Her er ho òg oppteken av sosiobiologien, og utfordrar vanleg tenking om natur og kultur ved hjelp av Ernest Hemingway, Karen Blixen og Roald Amundsen. Sjølv om det offentlege rom er fullt av menn, så meiner ho at der ikkje finst ein grunnleggjande konflikt mellom kjønna.
I 2014 kom Lesebok for jenter. Frå Homer til The Hunger Games. Her presenterer Aareskjold 12 heltinner frå antikken til vår tid, frå kongsdottera Naviskaa i Odysseen til Katniss i The Hunger games. Tekstene har tydd noko personleg for Aareskjold, og ho vil ta eit oppgjer med den litteraturen som ungdom blir presenterte for i skulen der ho meiner jentene ofte blir framstilte som offer. 
Abel i tre frittståande romanar
Aareskjold har gitt ut tre frittståande bøker om mannen Abel. Debutromanen Det indre tempel (1987) handlar om Unn, mytologistudenten som har reist ut i verda og møter tyske Abel, som ho trur er ein helt. Å sjå til er han vakker og glad, men livet hans toler ikkje dagslys og ligg i mørket.
Isis og Osiris (1989) med undertittelen Ein familieroman er om eit par som elskar kvarandre, men Abel er hiv-smitta og burde halde seg borte. Ho tek imot han i eit forsøk på å vere som gudinna Isis som hentar Osiris frå dødsriket.
Blå bok (1997) med undertittelen Ung manns brev til kvinne handlar om Abel som kjem tilbake til Tyskland etter fleire år på reise i Hellas som prostituert. Boka er brev til ekskjærasten, og gir eit tilbakeblikk på livet hans medan han ventar på resultatet av ei blodprøve.
Fantasy og slekt
Fantasyromanen Kvinna på dyret (1991) er ei historie om Ishmael som ikkje klarer å velje mellom Sjoika og Bennibali som bur på kvar si side av gata. I romanen Odyssevs reiser stadig heimover (1993) møter vi ei jente som ikkje har vakse opp saman med foreldra og dei 12 brør sine, og ho lurer på om dei vil ta imot henne.
Englefangst (2001) er ein episk slektsroman om syskenpsykologi og tre generasjonar kvinner som er bundne av den tradisjonelle slektsstrukturen i bondesamfunnet. Aareskjold tenkjer friskt og eigenarta, bileta ho lagar, er originale og overtydande, og ho har fine observasjonar med ein allvitande forteljar.
 
Kjelder
E-post frå Solveig Aareskjold 7.1.2011
Marte Stubberød Eilesen: «Hva skal vi med et okseøre?», klassekampen.no, publisert 26.11.2004, http://www.klassekampen.no/artikler/kultur_medier/19078/article/item/null/hva-skal-vi-med-et-okseoere [lesedato 11.2.2011]
Cathrine Krøger Hammerstrøm: «Fandenivoldsk og folkelig», dagbladet.no, publisert 9.12.1999, http://www.dagbladet.no/kultur/1999/12/09/185588.html [lesedato 11.2.2011]
Cathrine Krøger: «Finner ikke helt fokus», dagbladet.no, publisert 1.1.2001, http://www.dagbladet.no/kultur/2001/10/01/285123.html [lesedato 11.2.2011]
Hans H. Skei: «Solveig Aareskjold», Store norske leksikon, snl.no, sist oppdatert 14.12.2009, http://www.snl.no/Solveig_Aareskjold [lesedato 11.2.2011]
Bjarne Øvrelid: «Das Ding an mich», bokmelding, dagogtid.no, publisert 19.10.1997, http://www.dagogtid.no/arkiv/1997/41/bokm3.html  [lesedato 11.2.2011]
Peikarar

Først publisert: 16.08.2011
Sist oppdatert: 20.03.2014