
Sven Kærup Bjørneboe
Sven Kærup Bjørneboe er forfattar og omsetjar. Han fekk Brageprisen i 1996 for "Jerusalem. En sentimental reise".
Sven Kærup Bjørneboe, fødd i 1943, er forfattar og omsetjar. Han debuterte i 1967 med essay i Brud og brudgom.
Bjørneboe har gitt ut essaysamlingar med skarpe moralfilosofiske og metafysiske problemstillingar, mellom andre Våre spor slettes ut (1986), In extremis (1987), Oss svermere imellom (1993), som provoserande innlegg i samfunnsdebatten. Vidare Jerusalem. En sentimental reise (1996) og "skilderia" Skjærgårdsfolk (1998) og Skjærgårdsmesse (2001). Essay i utval kom i 1999, De siste spørsmål, og i 2000, Det nye opprør?. Boka om Jens Bjørneboe, Onkel Jens, kom ut i 2001.
Bjørneboe gav ut essaysamlingane Ung mann i lang frakk i 2003 og Allahs krigere i 2006. I 2010 gav han ut ei reiseskildring frå Marokko, Med meg selv i kofferten. Bjørneboe har òg omsett bøker av Georges Bernanos, Otto Weininger og Joseph Conrad. Han fekk Brageprisen i 1996 for Jerusalem. En sentimental reise.
Sist oppdatert: 03.05.2016