Faktaboks

Terje Aarset
Fødd
7. desember 1945, Vartdal i Ørsta, Møre og Romsdal
Terje Aarset.
Terje Aarset.
Aasentunet.

Terje Aarset er professor i norsk språk ved Høgskulen i Volda. Han har lagt ned eit stort arbeid i utgivinga av Ivar Aasen sine skrifter og har skrive eit pionerverk om den nynorske songskatten.

Bakgrunn

Terje Inge Aarset er fødd på Vartdal (no Ørsta) i Møre og Romsdal. Han tok examen artium i Volda i 1966 og lærareksamen same staden i 1968. Han studerte seinare nordisk og tysk ved Universitetet i Trondheim (no NTNU) og tok i 1974 hovudfag i nordisk med ei hovudoppgåve om syntaks i norsk.

Undervising

Han underviste først ein periode i grunnskulen og var i 1975–1977 vitskapleg assistent ved NAVF-prosjektet «Norsk personnamnleksikon» ved Universitetet i Trondheim. Frå 1978 underviste han ved Møre og Romsdal distriktshøgskole (no Høgskulen i Volda) og vart førsteamanuensis i 1982. I 2011 vart han utnemnd til professor i norsk språk ved høgskulen.

Nynorsk skriftkultur

Aarset har særleg arbeidd med namnegransking, edisjonsfilologi (vitskapleg tekstutgjeving) og nynorsk skriftkultur. Mellom hovudverka hans er dei nye utgåvene av Ivar Aasens Ordbog over det norske Folkesprog (2000) og Norsk Ordbog (2003), begge utgitt i samarbeid med Kristoffer Kruken. Saman med Jarle Bondevik og Oddvar Nes har han i Ivar Aasen-selskapet redigert ti band uprenta skrifter av Ivar Aasen. I 1996 redigerte Aarset den nye utgåva av Ivar Aasens Det norske Folkesprogs Grammatik, utgitt av Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda. Året etter gav han saman med Kruken ut ei ny utgåve av Ivar Aasens Norsk Navnebog.

Musikk

Aarset har skrive om lag 150 arrangement for kor, song og piano, strykekvartett og orgel. I 1991 redigerte han (saman med Erling Flem) Knut Didriksen Stafsets Minder fra Forfædrene. Slåttar og salmetonar frå Skodje og Vatne. I 2009 kom boka Den nynorske songskatten, eit vitskapleg verk som tek for seg 15 av dei klassiske nynorsksongane.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Marianne Lystrup: «På jakt etter dei elska songskattane». Vårt Land 28.4.2010
  • Bjørn Kvalsvik Nicolaysen: «Ein storfelt konsert på prent». Dag og Tid 16.10.2009
  • Margunn Sundfjord: «Klangfull songhistorie». Nationen 24.12.2009

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg