Hopp til innhold
X
Innhald

Tom Roger Aadland

Tom Roger Aadland, norsk artist og tekstforfattar som lagar kritikarroste album med norskspråklege tekstar. Han gjendiktar Bob Dylan sine songtekstar til nynorsk.  

Tom Roger Aadland er fødd 26. april 1964 i Haugesund og voks opp i Vikebygd i Vindafjord kommune. Han bur i Oslo. Aadland gjekk på Skeisvang videregående skole (1980–83), før han tok eksamen i klassisk gitar og instrumentalpedagogikk ved Østlandets Musikkonservatorium i 1987.

Sidan albumdebuten i 2007 har han gitt ut album på både engelsk og norsk. Obviously Embraced (2007) vart spela inn i Dublin med irske musikarar. I 2009 kom albumet Blod på spora, med låtar som «Vikla inn i blått» og «Du gjer meg einsam når du dreg», der Aadland gjendiktar Bob Dylan sine tekstar til nynorsk. Sidan har han veksla mellom å komponere originallåtar til album som Det du aldri sa (2011), Fløyel og stål (2012) og Rapport frå eit grensehotell (2015) og å gjendikte tekstar av Dylan. Blondt i blondt (2016) er ein nynorsk versjon av den amerikanske nobelprisvinnaren sitt album Blonde on Blonde frå 1966, med mykje spela radiolåtar som «Eg må ha deg» og «Nett som ei kvinne». Blondt i blondt vart kåra til årets album av NRK P1s Norsk på norsk i 2016.

Aadland har hausta svært god kritikk for dei norskspråklege albuma, og då er det både melodiane og tekstuniverset som vekkjer åtgaum blant publikum og musikkmeldarar. Aadland har òg ei særeigen og energisk evne til å formidle innhaldet i låtane. Lik Bob Dylan vekslar han mellom visesjangeren og eit meir rocka uttrykk. Låtane hans er mykje spela i norsk radio.

Aadland er også brukt som tekstforfattar for andre artistar og band, som til dømes Hellbillies. I 2011 var han medforfattar av boka Bob Dylan. Mannen, myten og musikken.

Kjelder

E-post frå Tom Roger Aadland 8.2.2017

Linn Carin Dirdal: «Tekst med undertone», ballade.no: http://www.ballade.no/sak/tekst-med-undertone/ [lesedato 30.4.2017]

Nettstaden til Tom Roger Aadland, tomrogeraadland.com: http://tomrogeraadland.com/ [lesedato 5.2.2017]

Peikarar 

Nettstaden til Tom Roger Aadland 

Først publisert: 28.06.2017
Sist oppdatert: 28.06.2017