Hopp til innhold
X
Innhald

Tone Aarak

Tone Aarak (1884–1971) var kanskje den første kvinna som skreiv kriminallitteratur på nynorsk. Aarak var fødd i Rauland, men flytte til Nissedal då ho gifta seg. Ho debuterte 58 år gammal med romanen Siste par ut (1942), så kom tre romanar til i rask rekkefylgje: Stundom skin sola (1943), Skuggar og solskin (1945) og Framandkar kjem til gards (1949). Den siste blir omtala som kriminalroman, og den er trykt opp att (2011). Boka byggjer på ei kriminalsak. I 1955 gav ho ut barneboka Liv.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 15.10.2018
Sist oppdatert: 15.10.2018