Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Tora Aasland

Tora Aasland, sosiolog, administrator og politikar for Sosialistisk Venstreparti, har hatt ein sentral plass i norsk politikk og statsstyring. Hanna Kvanmo engasjerte seg kraftig for at Aasland ikkje skulle verte partileiar i SV i 1987.

Tora Aasland (tidlegare Houg, 1965–86) er fødd 6. november 1942 i Skien. Etter avslutta vidaregåande utdanning ved Telemark Handelsgymnas i 1961 hadde ho eit kortare opphald på college i USA, før ho i 1965 var ferdig utdanna sosionom ved Norske Kvinners Nasjonalråds sosialskole. Etter sosionomutdanninga tok Aasland del i den nye samfunnsvitskapen som då voks fram. I 1973 fekk ho godkjent ei avhandling i sosiologi ved Universitetet i Oslo, med forbruk som tema, og fram til 1984 hadde ho ulike jobbar som forskar. I 1984–85 arbeidde ho som generalsekretær i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.
I 1985 vart Aasland vald til stortingsrepresentant frå Akershus for Sosialistisk Venstreparti, og i 1989 vart ho attvald. I 1993 gjekk ho frå Stortinget til embetet som fylkesmann i Rogaland. Aasland hadde rolla som fylkesmann i Rogaland i to periodar, på høvesvis fjorten (1993–2007) og to år (2012–13), og fekk etter kvart det godlynte kallenamnet «fylkeskånå». Heilt sidan 1980 har Aasland vore medlem av ei rad ulike offentlege utval. Mellom anna var hos nestleiar i Mjøs-utvalet (NOU 2000:14). Utvalet la grunnlaget for ei omfattande reform av høgare utdanning. Aasland har òg vore engasjert i statleg språkpolitikk, som leiar av ei arbeidsgruppe for norskfaget (2005–06) og styreleiar i Språkrådet (2006–07). Ho er utnemnd til å leie den norske UNESCO-kommisjonen frå 2013 til 2016.
Aasland var kommunepolitikar for Sosialistisk Venstreparti på Nesodden frå 1975 til 1983. Ho var ein av frontfigurane i «Politisk Forum», som hadde som formål å fornye venstresida. Forumet retta seg spesielt mot den veksande gruppa som hadde høgare utdanning. I Sosialistisk Venstreparti fekk Aasland stor tillit både som nestleiar og som leiar av arbeidet med nytt prinsipprogram, og ho var kandidat til vervet som partileiar i 1987. Men Hanna Kvanmo engasjerte seg kraftig for at Aasland ikkje skulle ta over leiarvervet, og Erik Solheim vart vald i staden. I 2007 gjorde Aasland eit uventa politisk comeback i den nyskipa rolla som eigen statsråd for forsking og høgare utdanning i Stoltenberg II-regjeringa. Ordninga med ein eigen statsråd for forsking og høgare utdanning vart avvikla då Aasland gjekk ut av regjeringa i 2012.
I 2005 vart Tora Aasland utnemnd av kongen til kommandør av St. Olavs Orden for innsatsen sin for det norske samfunnet.
Kjelder
Frank Rossavik: Fra Kings Bay til kongens bord. Oslo 2011
Tora Aasland, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=TOAS [lesedato 10.2.2014
Fredrik Engelstad: «Tora Aasland», Norsk biografisk leksikon: http://nbl.snl.no/Tora_Aasland [lesedato 10.2.2014
Peikarar

Først publisert: 10.02.2014
Sist oppdatert: 10.02.2014