Hopp til innhold
X
Innhald

Torgeir Augundsson

Torgeir Augundsson, betre kjend som Myllarguten, legendarisk hardingfelespelar og konsertartist frå Telemark.

Torgeir Augundsson var fødd 3. mai 1799 i Sauherad i Telemark og døydde 21. november 1872 i Rauland. Augundsson skal ha laga seg ei fele som fireåring og spelte frå åtteårsalderen av i bryllaup, på auksjonar og etter kvart på marknader i Telemark. Stefaren hans spela fele, men det var Mattis Flathus som blei den første læremeisteren hans, og sidan lærte han mykje av Øystein Langedrag (1785–1848), Jon Kjos (Kvammen) (1754–1826) og Knut Luraas (1782–1843).
I 1820-åra drog Augundson første gongen til Hardanger og Voss, der han lærte slåttar av spelemenn som Nils Rekve (1777–1846) og Per Bulko (1797–1876). Med tida skal det ha blitt 30 reiser vestover til Hardanger, og han førte ei stor mengd slåttar frå Hardanger og Voss inn i telemarksrepertoaret. Som ung vann han seg snart eit omdøme som ein framifrå spelmann, ikkje minst gjennom tallause kappspel der han ferdast, og han tok snart til å turnere i Telemark, på Sørlandet og på Vestlandet (inkludert Ryfylke).
Kallenamnet
Den biologiske faren til Augundsson var truleg Ole Knutsen Borge (Møller). Mora, Gunnhild Sigurdsdotter, gifte seg så i 1801 med møllaren Augund Torgeirsson, og Torgeir blei døypt 1. november same året. Mange har difor trudd at han må ha blitt fødd denne hausten, men 1799 er i dag allment akseptert som fødselsår. Namnet «Møllarguten» («Møllarungen», «Møllaren») var såleis eit kallenamn som hadde oppstått før dåpen. Det hadde ikkje med stefaren sitt møllaryrke å gjere, men med namnet til den biologiske faren hans (som hadde tyske forfedrar). Former på «myllar-», som historisk sett er feil, skal ha oppstått seinare i Vest-Telemark, som blei heimdistriktet hans frå 1830 av, då han gifte seg med Ingebjørg Rikardsdotter Eddans-Haugen.
Konsertartisten
Augundsson var den første hardingfelespelaren som heldt konsertar. Den mest suksessfylte perioden hans som spelemann var åra 1830–50. I 1831 møtte han for første gong fiolinisten Ole Bull, og seinare stod Bull bak konsertane hans i Losjen i Kristiania (Oslo) i 1849 og ved opninga av Bergen theater i 1850. I Kristiania veksla Bull og Augundsson på å spele høvesvis eigne komposisjonar og lydarslåttar. Trass i noko sprikande mottaking vekte Augundsson stor merksemd i ein periode med sterke nasjonalromantiske straumdrag, og takka vere konsertinntektene kunne han i 1852 kjøpe garden Sudistog-Øygarden i Rauland, som han seinare rett nok måtte selje att på grunn av gjeldsproblem. I 1854 følgde ei ny konsertferd til Austlandet og Trondheim, som var ein suksess kunstnarleg om enn ikkje økonomisk. Seinare konsertar saman med Ole Bull i Kristiania (1858, 1862) slo derimot langt mindre an. Augundsson drog òg til København (1862), og han heldt konsertar i Sverige på vegen, men publikum her hadde endå større vanskar med å forstå musikken hans. Han heldt den siste konserten sin i Kristiania i 1864, men heldt fram med å spele i telemarksbygdene så lenge han levde.
Myllarspelet
I samtida blei sju slåttar etter Augundsson skrivne ned og publiserte av tsjekkaren Carl Schart (1865), og seinare fekk sonen Torgeir Torgeirsson, som sjølv var spelemann, trykt eit utval av slåttar etter faren (1924). Augundsson komponerte fleire slåttar sjølv, i tillegg til at han omarbeidde overlevert materiale i stort mon, anten ved å byggje det ut med nye parti eller ved å setje saman ulike variantar av same slåtten til ein ny variant. Slåttar som gjerne blir knytte til namnet hans, anten som særleg utbygde eller jamvel nyskrivne, er «Myllargutens draum», «Myllargutens bruremarsj» og «Siklebekken». Slåtten «Myllargutens minne» stammar derimot frå Hardanger, som der ber namnet «Seksaren».
Augundsson var den første til å nytte dobbeltgrep på hardingfele, og han utvikla ein avansert ornamentikk. Etter kvart gjekk han òg over til å bruke fiolinboge, som er lengre enn tradisjonelle felebogar, noko som gjorde det mogleg med eit kraftigare uttrykk. «Myllarspelet» er elles kjenneteikna, i følgje Eivind Groven, av dur-tonalitet, i motsetning til hos Håvard Gibøen, der naturtonalitet dominerer i større grad. Utviklinga mot temperert dur-tonalitet hos Augundsson kan kome av påverknad frå vestlandsslåttar og frå Ole Bull. Ei anna mogleg kjelde i denne samanhengen er læremeisteren hans, Øystein Langedrag, som ifølgje Groven innleier «Myllarlina». Langedrag spela òg på vanleg fele og dessutan på klarinett, kunne notar og hadde gjennom militærteneste kome i kontakt med svenske musikarar.
Kjelder
Rikard Berge: Myllarguten. Oslo 1908
Arne Bjørndal og Brynjulv Alver: – og fela ho lét. Norsk spelemannstradisjon. Bergen 1966
Olav Kvaalen (red.): Soga om Myllarguten i poesi og prosa. Bø i Telemark 1972
Årbok for norsk folkemusikk 2000
Årbok for norsk folkemusikk 2009

Først publisert: 26.08.2011
Sist oppdatert: 03.05.2013