Hopp til innhold
X
Innhald

Torkel Halvorsen Aschehoug

Torkel Halvorsen Aschehoug, 1822–1909, var jurist og sosialøkonom. Han verka som professor i rettsvitskap i åra 1862–86, og frå 1870 også i statsøkonomi og statistikk. Aschehoug var dessutan aktiv i det politiske livet, mellom anna som medlem av Den andre unionskomiteen i 1865–67, der dei unionsvenlege og konservative synspunkta hans gjorde seg sterkt gjeldande. Han har ein omfattande rettsvitskapleg og sosialøkonomisk forfattarskap bak seg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.08.2012
Sist oppdatert: 05.08.2012