Hopp til innhold
X
Innhald

Unn Conradi Andersen

Unn Conradi Andersen er sosiolog og har arbeidd som journalist.

Unn Conradi Andersen er fødd 1972 i Ulsteinvik. Ho er no forskar ved Westerdals (Høyskolen Kristiania). Ho har interessert seg for kvinnelege forfattar i media og skreiv masteroppgåve om Marie Takvam og Vigdis Hjorts "lagnad" i mediesamfunnet. Det kan sjå ut som forholdet mellom det offentlege og det private blir annleis for kvinner enn for menn. Lesinga av Takvam har vore prega av det. 

I 2017 debuterte Conradi Andersen sjølv som romanforfattar med Alt uavklart. Der framstiller ho to historier som er knytte saman gjennom generasjonane. Den eine handlar om ein bestefar som var på feil side under krigen, og om korleis familien stort sett har vore tause om det. Den andre handlar om kjønn og legning der barnebarnet må velja om ho skal teia om det som blir opplevd som tabuisert, eller om ho skal velja ein annan strategi.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 11.10.2018
Sist oppdatert: 11.10.2018