Hopp til innhold
X
Innhald

Yngve Årdal

Yngve Årdal er utanna typograf og vart i 2012 ansvarleg redaktør for den største nynorskavisa i Noreg, Firda, som kjem ut i Førde.

Yngve Årdal er fødd 22. januar 1966 i Årdal i Jølster kommune, Sogn og Fjordane. Der budde han fram til 1984, då han flytta til Førde. Av utdanning har Årdal fagbrev som typograf (1991) og i tillegg ulike fag i arbeids- og organisasjonspsykologi, motivasjonspsykologi og personalpsykologi frå Folkeuniversitetet. I 2012 tok han òg coaching-utdanning på Folkeuniversitetet, eit studie i samarbeid med Høgskulen i Akershus.
Årdal vart tilsett som ansvarleg redaktør i Firda i mai 2012, etter å ha vore konstituert i stillinga sidan september 2011. Han er den 21. redaktøren i avisa si historie. Då Årdal fekk stillinga som ansvarleg redaktør, hadde han arbeidd i Firda i 27 år – i ei rekkje ulike stillingar. Mellom anna var han i perioden 2001–06 produksjonssjef med ansvar for redaksjonell sideproduksjon og annonseproduksjon. I 2006–08 var Årdal produksjonssjef både i Firda og i Firdaposten, før han vart redaksjonssjef i 2008.
I Firda har Årdal hatt ansvar for ei rekkje større prosjekt og systemendringar. Særleg har han stått for ei endring av korleis journalistikken visuelt sett vert presentert i avisa.
Frå 2013 er Årdal som medlem av styringsgruppa med på å byggje opp det nasjonale opplærings- og kompetansesenteret Nynorsk Avissenter, som held til hos avisa Firda.
Kjelder
E-post frå Yngve Årdal 13.7.2012
Hilde Genberg: «Yngve Årdal er ny redaktør i Firda», firda.no: http://www.firda.no/nyhende/article6046820.ece [lesedato 26.6.12]
Sondre Dalaker: «Yngve Årdal er ny redaktør i Firda», nrk.no:
 
Peikarar

Først publisert: 17.12.2013
Sist oppdatert: 17.12.2013