Hopp til innhold
X
Innhald

Adolph Nitter

Adolph Nitter (1832-1901) vart fødd i Gaular og budde i Dale frå 1851. Han var handelsbetjent hos Christian Lange i Førde frå 1846 til 1851, då han vart tilsett som handelsfullmektig hjå onkelen Wilken Nitter i Dale. Han var og i korte periodar konstituert lensmann. I 1873 vart han tilsett som kasserar i Ytre Holmedal Sparebank - sjå Fjaler sparebank.

Han var kommunestyremedlem i Ytre Holmedal 1857-1899. I åra 1854 til 1858 skreiv han dagbok, der han kvar dag fortalde om smått og stort av det som skjedde i Dale.

I 2007 gav Fjaler Sogelag ut desse nedteikningane i bokform, «Adolph Nitters dagbok».

Dette huset på Yksnebjør bygde Adolph Nitter på 1860-talet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dette huset på Yksnebjør bygde Adolph Nitter på 1860-talet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.04.2013