Adolph Tidemand

Adolph Tidemand (1814-1876) vitja også Kroken, dit han kom etter ei reise over Sognefjellet frå Gudbrandsdalen i 1843. Han kom tilbake til Sogn i 1849.
Under opphalda i Sogn må han ha teke skisser til eit mektig bilete som han måla saman med H. F. Gude – «Likferd på Sognefjorden». Tidemand måla også fleire bilete med motiv frå Aurlandsfjorden.
Det seiest at det var i Sogn at Tidemand fekk auga opp for det særeigne interiøret i norske røykstover som han nytta i mange av dei mest kjende måleria sine – sjå nedanfor.
Hovudside: Kunstnarane i Kroken

H. F. Gude måla dette biletet saman med Adolph Tidemand: «En ligfærd».

Adolph Tidemand (1814 -1876):

Ein annan variant av Adolph Tidemand måla til
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 06.04.2009