Albert Joleik

Albert Joleik (1880–1968) frå Florø, budde i Bergen og på Kleppstølen i Naustedalen, der han hadde gard. Bladmann, målmann og lokalhistorikar. Universitetseksamen i geografi, naturfag, norsk og tysk, og utdanna seg også som offiser.
I unge år 1905–1908 var han m.a. offiser i Kongo. Joleik var ei tid lærar ved lærarskulane på Stord og i Levanger.
Han starta i 1911 nynorskavisa «Spegjelen» i Trondheim. Vart redaktør i Gula Tidend i 1914. Starta si eiga avis, Fjordanposten, i Bergen i 1923, ei avis som vart lagd ned i 1940.
Som statsstipendiat og sogegranskar skreiv han fleire lokalhistoriske verk, m.a. «Sunnfjordsoga», «Soga om Flora» og bygdebøkene for Bremanger og Jølster. Joleik var ein kjend radiokåsør og festtalar.

Nynorskavisa Spegjelen, som Albert Joleik starta. © Fylkesarkivet.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 16.12.2010