Hopp til innhold
X
Innhald

Alexander Ødegaard

Alexander Ødegaard etter å ha scora for Viking. Foto: Alf Ove Hansen, Scanpix.

Alexander Ødegaard etter å ha scora for Viking. Foto: Alf Ove Hansen, Scanpix.

Alexander Ødegaard fødd 1980 i Førde. Fotballspelar. Har spela på Førde, og frå 2000 på elitelaget til Sogndal. Har spela ei rad kampar på det norske ungdomslandslaget, og spela sin første A–landslagskamp i februar 2004. Gjekk over til eliteserielaget Rosenborg i Trondheim i 2004, og vidare til Viking i Stavanger i desember 2005.

I 2004 vart Alexander Ødegaard tildelt Kniksen-prisen.

I 2011 vart han seld til den franske klubbe Metz FC, som då spela i den nest øvste divisjonen i Frankrike. Men i 2012 vende han heim til Norge og til spel der han starta karrieren, i Førde IL.

Alexander Ødegaard i kamp for Førde i 3. divisjon i august 2012. Foto: Alf Vidar Snæland.

Alexander Ødegaard i kamp for Førde i 3. divisjon i august 2012. Foto: Alf Vidar Snæland.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 14.08.2012