Hopp til innhold
X
Innhald

Alfred Maurstad

Alfred Maurstad. Foto: NTB.

Alfred Maurstad. Foto: NTB.

Alfred Maurstad (1896–1967) frå Bryggja. Skodespelar og meisterspelemann. Ein av dei fremste norske scenekunstnarane i det 20. hundreåret.

Maurstad-monumentet <br>av Arnold Haukeland. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Maurstad-monumentet
av Arnold Haukeland. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Debuten

Etter underoffisersskulen i Bergen, debuterte Alfred Maurstad på Det Norske Teatret 1920. På Nationalteatret frå 1931.

Skodespelar og teatersjef

1945-1950 sjef for Trøndelag Teater, og spela hovudrolla i suksessfilmar som «Fant», «Tørres Snørtevold» og «Gjest Baardsen» (1939). Opptak til den siste vart m.a. gjorde på Strynefjellet og Turtagrø og Fuhr i Luster.

Spelemann

Frå tidleg ungdom spela Alfred Maurstad til dans i Nordfjord, og gjorde fleire store konsertinnspelingar av norske slåttar med hardingfele.

Monument

I 1977 vart Maurstad-monumentet (av Arnold Haukeland) avduka i Maurstad-parken på Nordfjordeid.

Alfred med sonen Toralv. Privat foto.

Alfred med sonen Toralv. Privat foto.

Utmerking

Alfred Maurstad var Kommandør av St.Olavs orden.

På Maurstad

I feriane budde Alfred Maurstad på det vesle småbruket på Maurstad. Det vart sidan overteke av skodespelarsonen Toralv Maurstad fødd 1926. Alfred Maurstad er også far til skodespelar Mari Maurstad.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.08.2011