Hopp til innhold
X
Innhald

Alfred Ramstad

Foto: Reiakvam.

Foto: Reiakvam.

Alfred Ramstad (1921–1991) frå Angedalen. Han grunnla i 1949 Ramstad Eskefabrikk på garden sin i Angedalen. Saman med kona Aslaug (1922-2007) bygde han opp fabrikken til ein av dei største i sitt slag i landet.

Alfred overlet i 1979 leiinga til sonen Arne Ramstad (1955–1998), og frå 1999 var Arne sin ektemake Margunn fødd 1956 eigar og administrerande direktør i Ramstad Eskefabrikk AS.

I 2009 vart verksemda seld til det danske selskapet Scur Pack, og i 2010 vart det kjent at produksjonen på fabrikken i Angedalen blir lagd ned.

(Sjå elles Ramstad Eskefabrikk).

Far til Anne Margrete Øvsthus

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.11.2010