Hopp til innhold
X
Innhald

Alfred Strandenes

Alfred Andreas Larsson Strandenes (1874-1964) fødd i Bergen, busett på Strandenes. Gardbrukar og motstandsmann under 2. verdskrig.

I ein alder av 67 år reiste han i 1941 over til Shetland i ein liten, open motorbåt med ein flokk ungdomar frå Dale. På Shetland melde han seg til militærteneste i Shetlands-gjengen, og gjorde som skipper fleire fårefulle turar til norskekysten med dei små skøytene for å setje i land agentar og hente flyktningar vestover.

Etter at skøyta hans vart skoten i senk, dreiv han og ein annan av mannskapet i fleire dagar på eit flåte i Norskehavet før dei vart berga. Han opplevde også at halvbroren, politikonstabel Lorentz Konrad Strandenes fødd 1899 vart arrestert i 1941, ført til Tykland og avretta der i oktober 1942 – og at sonen, krigsseglar Magnus Strandenes fødd 1911 miste livet då skipet hans vart torpedert i 1942.

Strandenes avslutta krigsinnsatsen som kvartermeister i Marinen, og vart heidra med både med britiske og norske æresteikn for krigsinnsatsen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.10.2007