Hopp til innhold
X
Innhald

Alv Nyland

Alv Nyland. Foto: Kjell Nyland.

Alv Nyland. Foto: Kjell Nyland.

Alv Nyland (1911-2008), frå Breim. Biletkunstnar, som etter debuten på Vestlandsutstillinga i 1937 hadde fleire separatutstillingar og delteke i ei mengd kollektivutstillingar med måleri.

Han var også skulptør, og har m.a. laga fjordhesten som står utanfor Sparebanken på Sandane, og relieffet av Gabriel Reed på Utvikfjellet.

I 2011, i samband med at det var 100 år sidan Nyland vart fødd, vart det laga eit jubileumsskrift som syner rundt 70 av måleria hans. Det var og ei utstilling der ein stor del av produksjonen hans vart presentert.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 08.06.2011