Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Aa. Mundal

Anders Aa. Mundal (1921-2011) frå Fjærland. Bonde, lærar og lokalhistorikar. Eksamen frå Statens Småbrukslærarskule 1949.

Anders Aa. Mundal (1921-2011) frå Fjærland. Bonde, lærar og lokalhistorikar. Eksamen frå Statens Småbrukslærarskule 1949.

Han har vore lærar ved folkehøgskulane i Follo og Sogndal.

Mundal har skrive historia til Fjærland El. verk og Fjærland Kraftlag (1999) og «Fjærlandsfjorden» (Fjærland Sogelag 2002).

Mundal sat 12 år i Balestrand kommunestyre, først for Venstre og seinare for Senterpartiet, og var også medlem av formannskapet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.11.2011