Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Andersen Vestad

Anders Andersen (Ormberg) Vestad (1796-1875) frå Jostedalen, busett på Sekken i Romsdal. Bonde og profesjonell bjørneskyttar.

Anders skaut i alt 50 bjørnar, og livnærte seg i stor mon av fellingspremiane.

Tok tak i øyra

Ved fleire høve var han i livsfåre under jakta. Ein gong gjekk ein bjørn som såg ut til å vere dauskoten til åtak på Anders då han nærma seg. Ein hjelpemann som var med, tok tak i det eine øyret på rovdyret slik at bjørnen slapp taket i Anders, og han fekk avliva bjørnen.

Spelte død

Ein annan gong skulle ein såra bjørn ha teke på han, men Anders berga seg ved å spele død. Bjørnen drog seg unna, og Anders greidde å lade børsa på nytt og drepe bjørnen.

Heidra

I 1864 fekk Anders Vestad sølvkrus frå Centralforeningen for Udbredelse af Legemsøvelser og Vaabenbrug som takk for innsatsen sin som bjørnejeger.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.02.2009