Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Andersson Redal

Anders Andersson Redal (1811-1896) frå Redalen. Bonde, politikar og haugianar. Anders var døypt ”Lars Anders”, men nytta berre Anders til førenamn.

Ektemaken Anna Margrete var dotter til kremmaren Ludvik Martens i Hellevik (sjå Flora kommune). Han reiste som emissær for haugerørsla i omlag 50 år, og betalte reisene med eigne midlar. Ofte reiste Anders då saman med broren Lars (1816-1899).

Anders A. Redal skipa ei av landets første misjonsforeiningar i Vevring i 1844. Sjølv var han leiar for foreininga til 1894.

Redal var ordførar i Vevring kommune 1858-1863.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.12.2009