Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Bertelson Hantveit

Anders Hantveit var ordførar  i 20 år - frå 1890 til 1910.

Anders Hantveit var ordførar i 20 år - frå 1890 til 1910.

Anders Bertelson Hantveit (1857-1938) frå Hantveit i Austgulen. Bonde og jordbrukspioner, meierilærar og Høgre-politikar.

Gjekk folkehøgskule i Sogndal 1877-1879 og jordbrukshøgskule på Ås 1879-1881. Studerte meieribruk i Rogaland, og fruktdyrking.

Vart reisande agronom og meierilærar i Sogn og Fjordane 1881-1892, og bonde på Hantveit frå 1882. Han kjøpte ein av dei første mjølkeseparatorane til fylket i 1887, og planta ut kring 300 bærbusker.

I 1907 starta han eksport av bær til England. Bæra senda han i sponkorger som dei laga på garden (sjå også: «Bærplukking i Hornindal» og «Bærdyrking i havkanten»). På det meste produserte hagen på Hantveit 6 tonn rips og 12 tonn solbær i året.

I 1902 skipa han Gulen Skoglag, og planta sjølv 200 dekar skog. Ordførar 1890-1911 og medlem av fylkesutvalet. Vararepresentant til Stortinget 1898-1900. Fekk ei rad utmerkingar for pionerinnsatsen for jordbruket, m.a. gullmedalje frå Selskapet Hagedyrkingens Venner.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.08.2010