Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Bødal

Anders Bødal (1924-2012) frå Lodalen, busett i Kaupanger. Lærar og rektor.

Anders Bødal (1924-2012) frå Lodalen, busett i Kaupanger. Lærar og rektor.

Han overlevde som 12-åring den store raskatastrofen i Lodalen i 1936. Han vart då ført fleire hundre meter av den enorme flodbylgja som oppstod. Alle dei andre i huset, begge foreldra, fire sysken og ei svigerinne, omkom. Les meir i artikkelen Lodalsulukkene 1905 og 1936.

Bødal flytta etter ulukka til ei eldre søster på Voss, der han voks opp. Sidan har han halde ei rekkje foredrag om hendinga i 1936. Anders Bødal utdanna seg til lærar, og var tilsett som lærar ved Kaupanger skule 1955-1991, det meste av tida som rektor.

Han arbeidde 47 år som klokkar i Kaupanger stavkyrkje, og la ned eit stort arbeid for å få kyrkja restaurert.

Tildelt Kongens fortenestemedalje i gull i 2007.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.03.2012