Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Daae

Anders Jonasson Daae (1680-1763) frå Trondheim, busett i Vik. Prest og jordeigar. Sokneprest i Vik frå 1708 til 1763, prost frå 1718. Han kom sjølv frå beskjedne kår, men sanka seg enorme eigedomar, og vart rekna som den rikaste mannen i Sogn i si tid. Verdet på eigedomane vart samanlikna med 8000 mjølkekyr!

M.a. fekk Daae kontroll over store jordeigedomar i Vik ved giftarmålet med Birgitte Munthe, som frå foreldra Ludvig Christophersøn Munthe og Karen Leganger hadde arva mykje av jordegodset etter Iver Erikssøn Leganger - m.a. gardar på Hove i Vik.

I 1741 bygde Daae eit av dei første faste skulehusa i landet i Vik. Huset låg på garden Sæbø (sjå: Den første skulen i Vik). Anders Daae vart stamfar til Daae-slekta i Sogn. Den er kjend som ei makelaus «presteslekt» › men også fordi mange offiserar bar etternamnet Daae.

M.a. vart etterkomarar prestar i Luster, Vik, Lærdal og Leikanger, og offiserar med etternamn Daae fann vi i Måren (Kapteinsgarden Måren) og Luster: Sønene Jonas Daae (1717-1777) vart prest i Vik, Ludvig Daae (1723-1786) prest i Lindås, Gert Daae (1728-1784) prest i Luster. Ludvig Daae var far til Anders Daae jr.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.06.2011