Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Guttormsen Wigdahl

Eit måleri av Anders Guttormsen Wigdahl med motiv frå Alsmo i Jostedalen. Eigar av biletet: De Heibergske Samlinger Sogn Folkemuseum.

Eit måleri av Anders Guttormsen Wigdahl med motiv frå Alsmo i Jostedalen. Eigar av biletet: De Heibergske Samlinger Sogn Folkemuseum.

Anders Guttormsen Wigdahl (1829-1914) frå Vigdal. Kunstmålar. Utdanna seg på Bergen offentlege tegneskole og var elev hos kunstnarane Anders Askevold og Johan Ludvig Losting medan han arbeidde som politimann i Bergen.

Reiste i 1874 på studiereise til Düsseldorf og kom i lære hjå A. Rasmussen. Etter fem år i Tyskland busette han seg i Bergen. Wigdahl gjorde det nærmast til ein spesialitet å måle gardstun og bygdelandskap, og er m.a. kjend for ein detaljert og reportasjemessig målarstil.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 24.03.2011