Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Hansen

Anders Hansen

Anders Hansen

Anders Hansen (1855–1915) frå Utvik, busett på Sandane. Industribyggjar. Utdanna målar. Hansen reiste to gonger til Amerika 1886-1890 og 1902-1906 Han var ein av dei store industribyggjarane i Nordfjord. I 1907 grunnla han Evebøfoss Fabrikker på Sandane.

Same året kjøpte han Evebøfoss Mølle og Shoddyfabrikk ved Storelva i Gloppen, samt fallretten på halve fossen. Her bygde han kraftverk, som leverte straum til fabrikken og til ein del husstandar på Sandane i 1909. Fabrikken vart utvida i 1910.

Evebøfoss Fabrikker vart flytta til Elvaneset nærmare Sandane sentrum i 1924. Der var det på det meste kring 100 tilsette.

Far til Hans A. Hansen, som bygde ut fabrikken på Elvaneset.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 22.01.2010