Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Hauge

Anders Hauge (1853-) frå Luster. Lærar, Frisinnede Venstre-politikar, målmann og redaktør.

Lærar ved folkeskulen i Høyangfjord i Kyrkjebø kommune 1875-1885 og Sogndal folkehøgskule 1885-1887. Deretter arbeidde han som lærar fleire stader før han valde presseyrket og vart i 1901 redaksjonssekretær i «Den 17. mai». Skipa i 1902 målbladet «Vestlandet» som kom ut i Bergen. Men bladet måtte etter eitt år med nynorsk leggje om til bokmål på grunn av få abonnentar.

Han skipa også Bergen Journalistforening og vart seinare redaktør av «Ørebladet» som kom ut i Oslo. Gav ut boka «Norge og 1905». Han var også generalsekretær i Frisinnede Venstre.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.10.2007