Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Johannesson Bøyum

Anders Johannesson Bøyum (1890–1962) frå Fjærland. Bonde, banksjef og Venstre-politikar. Overtok farsgarden i 1918. Mellom ei mengd tillitsverv var han styreleiar i Fjærland Privatbank, Vestlandsbanken og Sogn Meierilag.

Han var ein varm talsmann for å byggje jernbane mellom Sogn og Sunnfjord gjennom Fjærland med tunnel under Jostedalsbreen – om lag der Fjærlandstunnelen går i dag.

Han var ordførar i Balestrand 1936, 1938–1941, 1945. Vararepresentant til Stortinget 1931–1945 og fast representant 1945–1961.

Far til Signe Bøyum Fjærtoft.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 17.08.2011