Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Korsvold

Anders Olsson Korsvold (1856-1912) frå Fonnevik ved Eivindvik. Byggmeister. Korsvold bygde m.a. Kvikne's hotell, Mundal hotell i Fjærland, Fretheim hotell i Flåm og det staselege Maristuen Høyfjeldshotell (Maristova) som brann ned i 1976.

Men mest kjend er nok Korsvold som kyrkjebyggjar kringom i fylket: Han har bygt Mjømna kyrkje, Sæle kyrkje og St. Olafs kyrkje i Balestrand, Arnafjord kyrkje i Vik, Gaupne kyrkje i Luster og Nordal kyrkje i Flora kommune.

Han bygde også prestegardshuset i Eivindvik i 1902.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.11.2011