Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Myklebust

Anders Myklebust f. 1928 i Tysnes, busett i Førde. Prest og Kristeleg Folkeparti-politikar. Var hjelpeprest i Årdal 1959. Sokneprest i Askvoll frå 1964 til 1972, res. kapellan i Borgund ved Ålesund 1972-1975 og sokneprest i Førde og prost i Sunnfjord 1975-1992.

Myklebust har hatt fleire leiande verv i misjonsforeningar på Vestlandet. Han var medlem av Askvoll skulestyre og styremedlem i fylkespartiet til KrF. Vararepresentant til Stortinget frå 1969-1973.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.11.2009