Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Nummedal

Anders Nummedal. © Fylkesarkivet.

Anders Nummedal. © Fylkesarkivet.

Anders Nummedal (1867-1944) frå Vik, busett i Oslo. Arkeolog som oppdaga dei nordlege steinalderkulturane Fosnakulturen og Komsakulturen. Desse funna endra vår tidlegaste historie.

Nummedal tok examen philosophicum i 1890 og i 1900 lærareksamen. Var lærar ved den høgre ålmenskulen i Kristiansund frå 1900 til 1922.

Nummedal hadde som arkeolog ei uvanleg evne til å sjå merke etter tidlege buplassar, og med denne evna oppdaga han i 1909 dei første merka etter Fosnakulturen ved Voldvatnet ved Kristiansund. Fram til 1922 fann han stadig fleire buplassar innan den same steinalderkulturen, som fram til 1925 vart rekna som dei eldste fornfunn i Noreg.

Nummedal fekk i 1922 ei personleg forskarstilling ved Oldsaksamlinga i Oslo. I perioden frå 1922 til 1936 oppdaga han 60 steinalderbuplassar i kyststroka i Finnmark. Desse busetjingane er seinare kalla Komsakulturen. Seinare fann Nummedal bustadtufter som viste at folk langs Finnmarks-kysten hadde budd i små landsbyar i yngre steinalder.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.06.2011