Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Olsson Viken

Anders Viken. Foto: Dagfinn Reiakvam.

Anders Viken. Foto: Dagfinn Reiakvam.

Anders Viken teikna av Bernt Tunold.

Anders Viken teikna av Bernt Tunold.

Anders Olsson Viken (1898–1976) frå Skei. Bonde og folkemusikar.

Viken har komponert over 500 folkemelodiar – dei mest kjende er ”Jølstrabrura”og ”Huldresølvet” (Les segna om Huldresølvet i Kjelsnesa).

Han var son av lærar, ordførar og spelemann Ola Olsson Viken. Gift med Rakel Viken, og far til musikaren Arne A. Viken.

Også syskena Alvhild Øvrebø (Førde) og Eldfrid Bowron (USA) har ført musikartradisjonen i familien vidare. Anders Viken er tildelt Kongens fortenestemedalje i gull. I 1998 vart det reist eit minnesmerke over Anders Olsson Viken på Skei.

Sjå også: Spelemenn i Jølster.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.12.2010