Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Rasmussen Svarstad

Anders R. Svarstad. Foto: Johannes Sponland.

Anders R. Svarstad. Foto: Johannes Sponland.

Anders Rasmussen Svarstad (1870-1938), fødd i Ålesund, busett i Innvik og Lillehammer. Industribyggjar. Svarstad hadde foreldrene sine frå Svarstad i Stryn og hadde arbeidd som spinnerimeister på Devold Fabrikker i Langevåg før han i 1890 grunnla Indvikens Uldvarefabrikk saman med svogeren Wald P. Skaaden.

I 1912 overtok han Gudbrandsdalens Uldvarefabrikk på Lillehammer som var starta av Bernt Johnsen i 1887. Svarstad bygde opp ullvarefabrikken på Lillehammer til ein av dei største i landet med kring 200 tilsette.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.03.2011